Olivia og Olga_06.jpg
01. juli 2020 Publisert første gang i Barn i Byen - Bergen nr. 81/2019

Der kreativiteten boblar

Her har barna det så gøy at dei gruar seg til å bli ferdige med kreasjonane sine. Bli med inn i ei kreativ verd fylt av perler, stjerner, latter, og fargerike stoff.

Tekst: Renate Rivedal Foto: Tove K. Breistein

På Kulturhuset Danckert Krohn i Kong Oscars gate står Emma på åtte år og trippar utolmodig. Ho tar meg med bort ein gang, inn ei dør, opp ei trapp, inn ein ny gang, opp ei ny trapp, bort ein anna gang til vi kjem inn i eit rom fylt av perler, stoffprøver, stjerner og fargerike band. 

Saken fortsetter under bildet. 


Foto: Perler, stoffprøver, stjerner, fargerike band og djup konsentrasjon.

Midt oppi det heile sit Olivia Filippi Anderssen og Olga Coronovschi saman med ein skokk jenter. På ein elles heilt ordinær vekedag, vert eg tatt med inn i Olivia og Olga si kreative verd.

Superlim? Nei, hallo, du må sy dei på.

Silkeskjørt og superlim
Olivia og Olga er begge barnebokillustra-tørar, og har lang utdanning innan ulike kreative uttrykk. Saman har dei starta «En reise i kreativitetsverden». Eit kurs for jenter og gutar som ynskjer å male, klippe, lime, sy, lære, utforske og vere kreative saman.

Olivia er franskbergensar på 27ande året, mens Olga har budd i Bergen i to år og er opprinnleg frå Moldova. Begge to er lidenskapleg opptatt av å lære barn og unge opp i kreative handtverk og uttrykk, og på Danckert Krohn gir dei barna fritt spelerom og kreative prosessar. Olivia har laga ballerinaskjørt som barna skal få pynte med perler, band og stjerner. Med lim, nål og tråd og kreativ dandering, vert skjørta forvandla til unike kreasjonar. 

Saken fortsetter under bildet. 


Foto: Wendy (9) har valt å lime kvite papirstjerner på skjørtet sitt og får god hjelp av Olivia.

Emma vel seg raskt eit nydeleg mørkeblått silkeskjørt med kvite blomar på.
– Mamma og pappa er frå Kina, difor synest eg at det her skjørtet ville passe ekstra godt for meg, seier ho. 
Då eg spør om ho skal bruke superlim for å feste perlene til skjørtet, ser Emma nærast sjokkert ut.
– Superlim? Nei, hallo, du må sy dei på, seier Emma. – Då held perlene seg på skjørtet, sjølv om du vaskar det. 

Lærte av bestemor
Eva (7) arbeidar med eit nydeleg kvitt skjørt og fortel henrykt kva som er ideen bak.

– Det er eit vinterskjørt, og perlene skal på ein måte vere snøflak. Men det kan vere at eg må lage ein topp i tillegg, sånn at det vert eit matchande sett. Og så synest eg at kvit, sølv og lyseblå er veldig fint saman, fortel ho. 

Tvillingsystera Sophia (7) har valt seg eit gamalrosa skjørt som ho syr ei og ei perle på. Ho meina at skjørtet vil passe ekstra godt til ein sommardag, kanskje om ein skal på sommarfest. Sophia fortel at ho og systera lærte å sy av bestemora, som lærte dei å lage små posar og små vesker av ulike stoff. 

Og så er det gøy at kvar gong når ein har vore her, så kan ein ta med seg noko heim att.

Medan dei sykyndige systrene kaster seg over arbeidet igjen, fortel Wendy (9) at det aller viktigaste er å berre ha det gøy. Ho har valt å lime kvite papirstjerner på skjørtet sitt og får god hjelp av Olivia. 
Mia (8) synest at det å få lage ting, det er det aller kjekkaste. 

– Og så er det gøy at kvar gong når ein har vore her, så kan ein ta med seg noko heim att. Men det er ikkje kvar gong vi syr, fortel Mia. 

Sist gong var det «kostyme og fashion» som var temaet. Då laga dei klede til papirdokkene som dei teikna og fargela.  

Saken fortsetter under bildet.

Foto: Eva (7 år) har laga eit skjørt inspirert av vinteren.

Fleire kurs for barn
Olivia og Olga spring rundt og hjelper til. Alle har ulike skjørt og alle har ulike idear. Det er berre eitt skinnande oransje skjørt som ingen har valt, og Wendy har ei teori om kvifor. 

– Det er berre så 80-talls seier niåringen. 

I løpet av eit semester har barna jobba i både 2D og 3D, dei har arbeida med tekstil, teikning, maling og arkitektur. Dei har eit eige lysbord slik at dei kan jobbe med utklippsdukke og med moteteikningar. Til våren ventar nye kreative reise, kor borna kan oppleve kostymedesign, illustrasjon og arkitektur. 

Olivia fortel at dei liker at dei alltid kan ta med seg eit ferdig produkt heim. Men då påpeikar Wendy at av og til er det så gøy at dei gruar seg til å vere ferdige. 

Fakta:
En reise i kreativitetsverden
No startar fleire nye kurs på Kulturhuset Danckert Krohn i regi av Olivia og Olga.

Onsdager: 
«Fashion – Kostymedesign for barn»: 6.2.–12.6. Kl. 15.30. Pris: 1.990.
«En reise i kreativitetsverden»: 
6.2.–12.6. Kl. 17.15. Pris: 1.850.
 
Torsdager: 
«Lag din egen bok – illustrasjon for barn»: 7.2.–13.6. Kl. 15.30. Pris: 1.990.
«Arki`barn – Arkitektur for barn»: 7.2.–13.6. Kl. 17.15. Pris: 1.990.

Påmeldingfrist 5. februar! 
Påmelding: Olivia.filippi@hotmail.com
I tillegg blir det 4 dagers feriekurs i arkitektur for barn i vinterferien: «Mitt Drømmehus»: 26.2.–1.3.

Olivia Filippi Anderssen er fransk­bergensar på 27ande året, er utdanna sivilarkitekt frå BAS og har i tillegg to år som tekstilkunstnar frå KHIB. I dag arbeida ho som barnebokillustratør, men akkurat det faget er ho sjølvlært i. 

Olga Coronovschi har budd to år i Bergen, og jobbar i dag på Den internasjonale skolen i Bergen. Ho er opphavleg frå Moldova, der ho studerte illustrasjon og grafisk design. Olga er også barnebokillustratør. 



Andre Artikler