eventyr-i-parken_6440.jpg
01. juli 2020

5 spanande tips til helga!

Vandreteater, glasblåsing, somaliske eventyr, ei reise til Amazonas-jungelen eller på leit etter utanom-jordisk liv! Det er nok av spanande opplevingar i byen i helga og Barn i Byen viser deg 5 høgdepunkt:

1.

Historie på Somali!
Velkommen innom på språkkafé! I dag får vi høyre fortellingar frå andre land og lære ord frå andre språk. Mona Ahmed les historier på somali. Lillelørdag tilbyr også laurdagsgraut, teiknesaker og høgtlesing frå eit stort utval av dei beste barnebøkene. Det vert morosame, triste og spanande forteljingar for både små og litt større. Velkommen laurdag 23. mars kl. 11.00. For meir informasjon sjå her

(Teksten fortsetter under bildet)

 

 

2.

Amazonia
På laurdag er det visning av familiefilmen Amazonia på Hovedbiblioteket i sentrum. Filmvisninga er eit samarbeid med Cine Latino som er den nye latinamerikanske filmfestivalen til Bergen internasjonale filmfestival. Her får du oppleve eit unikt dyreliv og fantastisk flora som er nydeleg fotografert. Her er det underhaldning og lærdom for både born og vaksne. Filmen er gratis og med aldersgrense 6 år (men i følgje med foreldre/foresatte er alle velkomne) For meir informasjon sjå her

(Teksten fortsetter under bildet)

 

 

3.

PopLab i Parken!
Laurdag 23. mars riggar Kunstpilotene til ein ny kunstcamp i Nygårdsparken og invitera til PopLAB verkstaden SONDE. I den førre verkstaden KLODE lagar vi eit eige grønt solsystem mellom trea i parken. Denne gongen undersøke vi solsystemet endå nærare og førestill oss at vi leitar etter utanomjordisk liv med romsonde. Kanskje dukkar det opp eit romvesen eller to? Bli med å oppdage og lage noko litt utanom det vanlige i Nygårdsparken. For meir informasjon sjå her

(Teksten fortsetter under bildet)

 

4.

Vil du prøve deg som glasblåsar?
S12 Galleri og Verkstad, har fått ny adresse i Bontelabo 2. Og alle barn og ungdom mellom 5 og 17 år er velkommen til glasblåsing på søndag 24. mars. Her får du blåse og forme i varmt glas. Bli med på ein kreativ og annleis søndag ! For meir informasjon sjå her:

(Teksten fortsetter under bildet)

5.

Eventyr i parken
Bli med på vandreteater gjennom Nygårdsparken søndag 24. mars. Den nyoppstarta arrangørgruppa «Eventyr i Parken» har allereie hatt stor suksess med mellom anna «Hans og Grete» og «Askeladden som kappåt med trollet». Alt foregår utandørs så kle deg og dine etter været, ta også gjerne turen innom den hyggelege kafeen i Paviljongen. 
For meir informasjon sjå her:

For intervju / sak om «Eventyr i Parken» sjå her:

 

Andre Artikler