gikk sisters .jpeg
01. juli 2020

5 høgdepunkt for helga

Endeleg helg! Har du kreative øyre? Eller nokon heilt ville dansemoves? Har du ein brilliant ide eller vil du lage ein vakker sommarfugl? Barn i Byen viser deg 5 gøyale og morosame aktivitetar du kan fylle helga di med!

1.

Er du ein Petter Smart? Eller ein Reodor Felgen?

I helgane i mars inviterar VilVite born og vaksne til å trene oppfinnarmusklane sine! I oppfinnarkroken kan dere gjere tankeløft og komme opp med allslags idear, ingenting er for smått eller for stort. Prøv oppfinnarleik for dei yngste og dei litt eldre barna kan gjere robot-spinning på elektronisk oppfinnarverksted med LittleBits. Dokke kan også vere med å lage kreative løysningar for verdas flottaste kjedereaksjon. Les meir her

 (Teksten fortsetter under bildet)

 2.

Møt gikk_sisters og lag dine eigne Tik Tok videoar!

På laurdag får Lagunen Storsenter storfint besøk frå gikk_sisters! Og du kan bli med og få tips til korleis du kan lage kreative videoar. Søstrene vil hjelpe deg med gøyale effektar, kostyme, ulike bagrunnar og dansetrinn.
Laurdag 9. mars på Lagunen Storsenter, ved hovedinngongen mellom kl. 12 og 16. Les meir her

(Teksten fortsetter under bildet)

3.

Har du eventyrlystne øyre?

Borealis meinar at det er borna som har dei mest eventyrlystne øyrene og vil difor invitere familiar på konsert! Slik at heile familien kan lytte saman! Under årets Konsertsirkus! presenterast eit av dei største verka på årets festival – Juliana Hodkinsons red heart LOVE. Stykket er avslutningkonserten til Borealis 2019, men under Konsertsirkus! presenterast det i ein heilt unik versjon. Stykket delast opp i fordøyelege småbitar slik at små øyre og barnas ville fantasi kan få løpe løpsk.

Alle konsertane er korte, og repeterast fleire gonger i løpet av dagen. Vert magen tom kan ein fylle på i Konsertsirkus-kaféen.
Borealis-festival på Bergen Internasjonale Kultursenter, laurdag 9. mars, kl. 14-17. Les meir her. 

 (Teksten fortsetter under bildet)

 

 4.

Pling Vaken, sommarfuglar og karnevalsmaske

Ta turen til Barnas Kulturhus på laurdag, her kan du fyrst oppleve forestillinga «Pling Vaken», om Klara som driv mammaen sin til vanvidd med alle små og store påskudd for å ikkje sove. Og deretter kan du lage dine eigne karnevalsmasker med fjær og pynt, eller du kan lage ein vakker eller skummel sommarfugl. Les meir her.  

 (Teksten fortsetter under bildet)

 

 5.

Eit rom fullt av utstyr

Synest du det er litt grått og trist ute? Men har lyst å bevege deg og gjere noko kjekt saman med resten av familien eller gode vener? Kvifor ikkje ta turen på Fysak allaktivitetshus? Her er det ein hall full av utstyr som du kan låne. Les meir her.

Andre Artikler