kulturhistorisk14.jpg
01. juli 2020

4 høgdepunkt for helga!

Lag din eigen amulett og lær meir om oldtidas Egypt på Historisk Museum. Eller bli med på plantedag og lag ein frøpose av kasserte bøker. Barn i Byen guidar deg til fine høgdepunkt for helga!

1.

Egyptisk løyndom

På den siste søndagen i mars kan du oppleve oldtidas Egypt på Historisk museum. Her kan du lære meir om korleis ein levde i det gamle Egypt, lage din eigen amulett i smykkeverkstaden og smake mat frå Egypt. Velkommen til egyptisk dag! For meir informasjon, les her:

(Teksten fortsetter under bildet:)

 

2.

Plantedag på Loddefjord bibliotek

Biblioteket feirar våren med ein grøn aktivitetsdag i foajéen utanfor biblioteket. Kom og lag plantepotter og frøposar av kasserte bøker, og så frø. Det opnar også eit frøbibliotek inne på biblioteket, der du kan låne med deg frø til å dyrke blomar og grønsaker heime. Gratis og opent for alle! For meir informasjon, les her:

(Teksten fortsetter under bildet:)

3.

Stram og flytande form
Bli med og sjå på, leik med og undre deg over utrykksfulle fargar og forme i kunstverka til Helen Frankenthaler og Irma Salo Jæger. Det vert ulike kreative oppgåver undervegs i omvisinga på KODE 4. Passar for born mellom 4 og 8 år. For meir informasjon, les her:

(Teksten fortsetter under bildet:)

 

 

4.

Teaterfestivalen Puslespill

Absurd komedie, tradisjonelle teaterstykke, monologar, musikal , eventyr, teater med film, og mykje meir står på programmet når nærare 200 kulturskule-elevar skal presentere sine forestillingar på Teaterfestivalen Puslespill i Fana kulturhus. Bergen Kulturskule ynskjer velkomen til ein festival full av energi, sjarme og speleglede. PS - festivalen er gratis for publikum. For meir informasjon, les her:

(Teksten fortsetter under bildet:)

Andre Artikler