Skammerens datter.jpg
01. juli 2020 Publisert første gang i Barn i Byen – Bergen nr. 64/2015

Oppdag Skammaren i bok og på film

Har du høyrt ordet skam før? Veit du kva det tyder, kva det vil seie å skamme seg? Du veit nok det. Mest sannsynleg har du høyrt ordet mange gonger. Men det er ikkje sikkert du veit kva ein Skammar er for det.

Boktips av Anne-Stefi Teigland

Dina er berre 10 år
, men veit så altfor godt kva ein Skammar er. Ein Skammar er ein som kan få andre til å tilstå sine synder ved å sjå dei inn i auga. Dina si mor er Skammar. Ho må ofte ut på oppdrag der oppgåva hennar er å sjå inn i samvitet til andre menneske. Menneske som har handla urett og som treng å skamme seg, treng å kjenne etter at det dei har gjort er gale. 



Det er ei gåve å vere Skammar, men også ei bør. Og den kan vere tung å bere. Det veit Dina alt om. Ho har nemleg arva denne evna frå mor si, og etterkvart som ho veks til, oppdagar ho at andre menneske trekk seg vekk når ho kjem. Dei vågar ikkje sjå henne inn i auga fordi dei då må kjenne på alt dei skammar seg over. 



Ein skammar er en som kan få andre til å tilstå sine synder ved å sjå dei inn i auga. 



Handlinga er lagt til ei fabulerande, middelaldersk tid. Her er eit variert landskap, ulike klanar, borger, drakar og riddarar, og skal ein flytte seg frå ein plass til ein annan må ein bruke hest eller gå til fots. Maten er noko annleis, men fullt mogleg å kjenne att likevel. Dei et til dømes pølse og brød og drikk hyllebærvin. Og er dei søtsjuke, steikjer dei gjerne eple på elden, fyller dei med syltetøy og dyppar dei i honning – nam, nam. 



I den første boka, «Skammarens dotter», er det Dina som fortel. Men utover i serien får også den fire år eldre bror hennar, Davin, komme til ordet. Begge er sterke forteljarar. Dei er modige, men stundom også redde, og det hender dei handlar utan å ha tenkt seg godt nok om. 



Det mest særmerkte med Skammar-bøkene er likevel at det hender noko heile tida. I «Skammarens dotter» må mor til Dina ut på oppdrag for å hjelpe til med å avklare eit brotsverk i byen Dunark. Dina, Davin og litlesøstera deira, Melli, blir verande att i Lindehuset. Men ikkje lenge, for snart kjem det ein framand mann på døra og vil ha Dina med. Mora treng henne, fortel mannen. Men vel framme i Dunark får Dina snart erfare at ting ikkje er som dei skal. Meir kan eg ikkje fortelje deg. Berre at det oppstår ei så stor konflikt at ho ikkje lar seg løyse i den første boka. 


Andre Artikler