Samtalen_66_Hilde K. Kvalvaag8 - BRUK DETTE_lite.jpg
01. juli 2020 Publisert første gang i Barn i Byen – Bergen nr. 66/2016

Mysteriet søner

Før du veit ordet av det, er den muntre, vesle gut­ungen din forvandla til ein frekk og fåmælt ungdom som det er umogeleg å forstå seg på. Ikkje vil han snakke med deg, og ikkje vil han halde deg i handa. Korleis skal du kunne hjelpe han då?

Tekst: Hege Rognøy Fossåskaret

I romanen «Lev vel, alle» fortel forfattar Hilde K. Kvalvaag historia om ei mor som tek med seg tenåringssonen sin på reise til vill natur i framand land i håp om å redde han frå trøbbel, og med ønske om å finne tilbake til det forholdet dei ein gong hadde.

Slitsame mødrer
Kvifor har du valt å skrive om forholdet mellom mor og son?
– Eg vart interessert i mysteriet søner, og forholdet mellom mor og son då eg fekk søner sjølv. Når gutar vert tenåringar, har dei lett for å lukke seg inne i seg sjølv. Tenåringsgutar snakkar sjeldan om det dei tenkjer og føler. Mødrer derimot vil gjerne snakke om alt heile tida, og difor kan me bli oppfatta som endå meir slitsame enn far. Likevel trur eg at mødrer kan ha vel så stor sjans til å trenge inn til tenåringssonen som far. Eg ville skildre ei mor som kanskje gjer mange feil i forholdet til sonen, men som elskar han høgt, og trass alt har ein intuisjon for kva som er bra for han. Tida med tenåringsgutar, og tenåringsjenter, kan vere utfordrande og sår. Mora i «Lev vel, alle» sørger på ein måte over at sonen allereie som liten ville ha avstand. Det gjer det så klart vanskelegare med ein tenåring om ikkje relasjonen frå barneåra er tett og god.

«Det vanskelege barnet» er eit lite menneske som kanskje endå meir enn andre treng å bli sett for det gode det gjer. 

Korleis bygger me den gode relasjonen?
– Det er eg ikkje sikker på, men eg trur at me må lære gutane å sette ord på kva dei føler, og me må gi dei omsorgsoppgåver frå dei er små. I tillegg må me få dei ut av guterommet og vekk frå Internett. Gutane i Internett-generasjonen mister så mykje som gir glede. Eg har stor tru på verdien av å reise og å oppleve naturen saman, slik mor og son gjer i denne boka. Men vi må også lære av gutane våre, eg synest eg har lært mykje av mine.

Alle vil ha snille barn
Sonen i romanen, Knut, er dømd for ei alvorleg valdshandling, og mora er redd for at han kan komme til å bruke vald også mot henne. Her tek du opp eit tema som er sårt og vanskeleg for foreldre å snakke om?
– Eg ville utforske ein som er i ein håplaus situasjon der det tilsynelatande er få vegar ut. Men eg ville også utforske kva me er i stand til å gjere. Unge menn reflekterer ikkje alltid så mykje før dei handlar. Om dei handlar vondt, til dømes i affekt, er det då alltid nokon si skuld? Er det mora til Knut si skuld at han slo ned kameraten sin i sjalusi? Kunne ho ha hindra det ved å gjere noko annleis då han var liten? Det er skamfullt å vere mor til «det vanskelege barnet», då er du på eit vis ei mislukka mor. Alle vil jo ha snille barn. Men ingen barn er berre snille eller berre vanskelege. «Det vanskelege barnet» er eit lite menneske som kanskje endå meir enn andre treng å bli sett for det gode det gjer.

Gutane i Internett-generasjonen mister så mykje som gir glede.

Slepp barnet fri!
Mora i boka vegrar seg mot å la sonen ta steget ut i det sjølvstendige vaksenlivet. Kvifor er det så vanskeleg å gi slepp?
 
– Mora si største frykt var at det skal gå skikkeleg gale med sonen. Når det viser seg å gå bra med han, er ho sjølvsagt glad for det. Samstundes kjenner ho seg svært åleine, og einsemda vert endå sterkare av at sonen ikkje treng henne lenger. Slik er det eit snev av egoisme i den moderlege omsorga. Og slik kan omsorga vere til hinder for at barnet slepp fri. Eg trur det kan vere særleg hardt for ei mor å gi slepp på ein son – fordi ho fryktar avstanden til den vaksne sonen.

Andre Artikler