Grønne hjørnet_BiB 66_Laget på Landås - sneglefri hagekasse.jpg
01. juli 2020 Pulisert første gang i Barn i Byen – Bergen nr. 65/2015

Frå protest til fest

Ein av mange grunnar til at min vesle familie flytta til Landås var Bærekraftige Liv. Denne nabolagsorganisasjonen som vil ta miljøsaka frå protest til fest. Målet er å redusere karbonavtrykket, og middelet er nabolaget.

Tekst: Laila Melkevoll

Ein av dei viktigaste påverknadsfaktorane i dagleglivet er kva naboen gjer – visste du det? Viss naboen din legg an plantekassar i hagen er du meir truandes til å bli inspirert til å gjere det same. Viss du kunne få vere med på kurs i dyrking, og det var ope for både barn og vaksne, ville det då ikkje vere enno meir freistande?

Bærekraftige liv på Landås starta fordi folk ville gjere noko aktivt i miljøsaka utan å gå i demonstrasjonstog. Eit av prosjekta som vart sett i gong var parsellhagen ved Landås hovedgård. Ventelista på parsell er i dag lang, både her og andre stader i byen som har slike. Det er stor stas for ungane å vere med å dyrke og sjå at det spirer.

Matskogen er eit anna prosjekt som Bærekraftige Liv driv. Eit område nedanfor stien til Ulriken er valt ut, rydda og planta med vekstar og tre som trivst i skogen og som på ymse vis kan brukast til mat. Ein viktig del av det å lære barna våre å bli miljøbevisste, er nettopp å vise kor maten kjem frå, og kor mykje arbeid det faktisk er å dyrke han.

Byttefest er eit populært innslag, og fungerer omtrent som ein loppemarknad utan pengar, men der ein byter til seg det ein har lyst på. Nytt av forrige byttefest var «Laget på Landås», der kreative barn og vaksne hadde laga ting dei selde, og viste idear dei har kome på. Guten med heimelaga fiske-fluger fekk selt alle saman, og den sneglefrie plantekassa med elektrisk gjerde håpar eg dei no har tatt pantent på.

«Viss naboen din legg an plantekassar i hagen, er du meir truandes til å bli inspirert til å gjere det same.»

Sjølve festen, nemleg Landåsfest, arrangerast kvart år. Her får alle gruppene, som boliggruppa, energigruppa, matgruppa, redesign, Lystgården, hagegruppa og alle andre vise seg fram og fortelle om kva dei driv med, samt rekruttere nye engasjerte personar. Ein av aktivitetane som har lengst kø er kassetårnet, som treng sikring og kyndige vaksne som passar på. Her er aktivitetar for store og små, og sjølvsagt god og kortreist mat!


Foto: Kassetårnet er et av de mest populære innslagene på den årlige Landåsfesten. 

Bærekraftige Liv har blitt ei rørsle som sprer seg over heile landet, og som både forvalting, politikarar og forsking er begeistra for. I mange bydelar i Bergen fins det lokale grupper som har starta opp, og kanskje kjem det enno fleire.


Foto: Legonøkkelopphenget er laget av «Laget på Landås». 

Etter 4 år på Landås er eg glad for valet vi gjorde då vi flytta hit. Her kjenner eg mange naboar gjennom nettverka i Bærekraftige liv, og vi møtest på kurs, på fest og i matkollektivet. Dei verdiane det gjer meg er uvurderlege, og eg er så fornøgd med at barnet mitt får lære om det å vere miljøbevisst på ein slik kvardagsleg måte.

Sonen min ynskjer seg elbil og drivhus til dyrking.

Det gjer eg også.

Andre Artikler