
Usikker på sikring av barn i bil?
Når det kjem til sikring av barn i bil, er det påbode med tryggingsutstyr tilpassa til barnet fram til ein når minst 135 centimeters høgde. Utstyret må vera riktig med tanke på barnet si vekt og høgde. Det er svært mange stader ein kan finna informasjon om dette, og det kan innimellom verka overveldande. Me tilrår at foreldre sjekkar nettstaden bilstolvelgeren.no som er eit enkelt verktøy for å sjekka kva bilstol som er riktig for det enkelte barn. I tillegg vil me tilrå å sjekka det svenske veg- og transportforskingsinstituttet (VTI) sin plustest, der dei har testa svært mange forskjellige typar barneseter.
Dessverre ser me at for mange barn er sikra dårleg når familien skal ut på tur. For dei minste barna i alderen 1 til og med 3 år, er hovudutfordringa at dei blir snudd for tidleg. Fleire enn eit av tre barn i alderen 1-3 år sit framovervendt. Her er både forskinga og erfaringar frå ulykker eintydige: Bakovervendt sikring er det sikraste! Trygg Trafikk tilrår at barn bør sitte bakovervendt så lenge som mogleg, helst til dei er minst 4-5 år.
Når det kjem til litt eldre barn mellom 4-9 år ser me at nesten halvparten sit på bilpute eller berre med belte. Tilrådinga frå oss er at barn bruker beltestol til barnet veks ut av bilstolen, før ein går over til bilpute. Det er først ved 10-12 år at barn har høgda som gjer sikringsutstyr mindre aktuelt.
Ein enkel test for å sjå om barnet er modent nok til å sitte utan sikringsutstyr, er følgande:
-
Barnet skal sitte med ryggen inntil seteryggen.
-
Medan barnets rygg er heilt inntil seteryggen, skal barnet sine kne nå over kanten av setet.
-
Beltet skal ligge nede på hoftene og ikkje opp på magen.
-
Beltet skal ligga godt inn på skuldra.
-
Barnet må kunna sitte roleg og inntil seteryggen slik at beltet er riktig plassert under heile køyreturen
Dersom noko av dette viser seg utfordrande, er det lurt å bruka barnesikringsutstyret litt til.
Usikker på kva som gjeld? Sjekk www.bilstolvelgeren.no eller ta kontakt med spørsmål via barnibil@tryggtrafikk.no
God tur!
Trafikksikker helsing
Knut Olav Røssland Nestås
Regionleiar Trygg Trafikk Vestland