
Leik, musikk og dans
Barnestevnet er først og fremst for deltakarane sjølve; ein arena der dei får lære av kvarandre og vise fram dansar og teaterstykke dei har jobba med. Laurdag var det festivalframsyning i Gimle med deltaking frå fleire lag, og heile helga var det valfrie aktivitetar som teiknspråk, spikking, munnharpe og hobbyverkstad.
- Det er gøy å vere på stevne fordi vi får vise kva vi kan og treffe barn frå andre stader, seier Liv Bergfjord (10). Ho hugsar godt fjorårets reise til Austerrike, der dei mellom anna traff gruppa Karavanke frå Slovenia. No er dei på besøk i Bergen, og det var kjekt for borna i gruppene å sjå kvarandre igjen.
Sverre Evjen Eide (13) og Anders Valdez Vetås (10) trekkjer fram hallingdansinga som eit høgdepunkt både i øvinga fram mot, og på stevnet.
– Vi får lage eigne triks og bestemme rekkjefølgja sjølve. Det gjer dansen ekstra gøy, seier dei. Anders kjenner seg inspirert etter at dei fekk reise på Landskappleiken tidlegare i år:
– Etter kvart vil eg bli like flink til halling som dei eg såg der, og delta sjølv, seier han sjølvsikkert.
Nora Smaadal Eide (12) legg til at helga ikkje berre har handla om dans. På formiddag laurdag har borna vore med på ulike aktivitetar og prøve seg på mellom anna tegnspråk, animasjonslaging, og mykje anna.
– Vi prøvde å spele munnharpe. Det var vanskeleg å lage dei ulike lydane og treffe tonane, men vi fekk alle kvar vår å ta med heim, seier ho, og viser fram den små grøne munnharpa si. Søndag var det igjen nye valfrie aktivitetar: folkedans, halling, besøk på Naturhistorisk museum eller aktivitetar på Fysak.
Vegen inn i laget
Dei fire barna har ulik veg inn i ungdomslaget. Nora fekk lyst til å spele fele etter å ha høyrt musikken på Spotify. Anders fekk si første fele til treårsdagen, og har spela sidan. Liv vart med fordi ei venninne frå barnehagen dansa, og Sverre byrja med fele som seksåring og fann vegen til dansen i fjor.
Felles for alle er at dei har blitt verande, og kan fortelje om alt frå hytteturar, til utanlandsturar og ungdomsklubben Floke. Det handlar slett ikkje berre om folkemusikk og dans.
- Vi øver berre éin gong i veka, men vi gjer mykje anna kjekt i tillegg. Det er kombinasjonen av spelinga, dansen, og leik, turar og opplevingar som gjer at vi held fram, seier dei.
Dans og spel hand i hand
I Ervingen heng dans og spel tett saman. Mange av barna startar med eitt og får lyst til å prøve det andre etter kvart. At laget har eit av landets største juniorspelemannslag, er heller ikkje tilfeldig - det er eit samarbeid med Bergen kulturskule.
– Når barn søkjer seg inn på kulturskulen på fele, kan dei bli ein del av spelemannslaget når dei får plass, forklarer dagleg leiar Gro Vetås.
– Dermed får vi eit opplegg der elevane får individuell undervisning på kulturskulen, samstundes som dei spelar i lag her, og dansarane får musikk å danse til. Juniorspelemannslaget i Bergen no tel rundt 50 medlem. Til saman med barnelaget dannar dei eit unikt miljø for både folkemusikk og -dans i byen.
– Vi merkar at spelemannslaget er veldig populært, og der er det venteliste. Men på dansesida har vi plass til fleire. Mange som dansar får etter kvart lyst å prøve fele, og omvendt. Det er eit godt samspel.
Plass til fleire
Barnelaget i Ervingen er for barn frå 5 til 13 år, delt i tre aldersgrupper. Øvingane er kvar måndag i Gimle, alltid med spelemann til stades. I tillegg til øvingane har laget hytteturar til Eidsholmen, familiefolkedans, framsyningar og deltaking på fylkesstemne.
– Vi har «ta-med-ein-venn-dagar», og det går alltid an å stikke innom og sjå. Vi har det veldig kjekt både på øvingar og på Floke, stemmer borna i.
Ungdomsklubben Floke, i regi av laget, er ein populær møtestad for barn og ungdom på 5. til 10. trinn, med alt frå fusball, Mariocart og Just Dance, til konsertar og show. Denne hausten blir Floke arrangert 19. september og 5. Desember, i Kulturhuset Gimle i sentrum. Gro fortel at mange venner av medlemma ofte blir med her.
Nytt semester
Etter ei helg med dans, musikk og aktivitetar startar barnelaget opp att med faste øvingar i september. Og her er det berre å slenge seg med i dansen!
- Ja, det er berre å ta kontakt, eller komme på ei øving. Vi har ingen krav om betaling i forkant, og ein kan gjerne prøva seg både ein og to og tre øvingar for å vere sikker. I tillegg kjem dei som har aktivitetskortet gratis med, understrekar Gro.