
Læregutt på Bryggen
Kvar søndag i haust inviterer Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene til den interaktive familieomvisinga Læregutt på Bryggen, der barna sjølve får oppleve historia på kroppen.
– Barna får kle seg ut i kostyme, dei møter ein “gesell” - museumsvert i rollen som erfaren arbeidar, som tar med seg læregutane rundt omkring på museet. Dei blir sendt på oppdrag i dei ulike historiske romma, og kan få oppgåver som involverer Memory, å finne ulike ting, eller andre små puslespel. På den måten får dei kjenne på korleis det var å arbeide som læregutt eller “jungen” i hanseatisk tid, fortel Chantal Couillault-Nilsen, marknadsleiar i Museum Vest.
I fleire hundre år var Bryggen sentrum for handel og aktivitet, og unge gutar kom ofte langvegs frå hit for å starte eit nytt liv. Her arbeidde dei lange dagar og vart med erfaringane unge menn. Gjennom omvisinga får barna i dag eit lite innblikk i denne kvardagen – ikkje som tilskodarar, men som deltakarar.
– I manges auge er ikkje dette først og fremst eit barnemuseum, men vi ønskjer å opne meir opp for barn og familiar i åra som kjem. Dette er ein del av satsinga vår fram mot gjenopninga av Det Hanseatiske Museum i 2027. Det handlar om å oppleve si eiga byhistorie på ein ny måte, seier Couillault-Nilsen.
Omvisinga varer i 45–60 minutt og passar best for barn mellom 7 og 12 år, men andre kan òg delta. Nokre barn ønskjer å utforske sjølv, medan andre synest det er kjekt å ha med ein vaksen – begge delar er mogleg. For vaksne gir opplevinga eit innblikk i historia som både er lærerikt og underhaldande.
Læregutt på Bryggen er òg ein fin start på ein søndagstur til Bryggen. Etterpå kan ein utforske dei tronge smauene, gå på kafé eller kombinere med ei skattejakt i området. Her er det mykje å sjå og oppleve, både for små og store.