03 - Nikoline i Tjommi forestillingen.jpg
16. september 2025

Kultur skapar ressurssterke born

Forskning viser at skilnadene i barn si deltaking i kulturtilbod handlar mindre om økonomi, og meir om sosiale skilnader og miljø.

Tekst: Mai Vabo

I fire år har Andreas Roaldsnes forska på barn og unges deltaking i organiserte kultur- og fritidstilbod, og korleis dette heng saman med foreldra sine val, prioriteringar og ressursar. Målet har vore å få eit oversiktsbilde av ein del av barndommen som sjeldan blir studert på denne måten: samanhengen mellom familien og deltakinga i fritidsaktivitetar.
- Mykje tidlegare forsking handlar om eldre barn og ungdommar, fordi ein ønskjer å høyre deira eigne stemmer og erfaringar. Denne gongen ville vi forstå meir av dynamikken mellom foreldre og barn, og kva som faktisk styrer kva barna gjer på, seier Andreas.
Forskingsprosjektet er finansiert av Bergen kommune og Forskningsrådet, som ønskjer å bruke kunnskapen til å hindre utanfor­skap og styrke tilrettelegginga. Men for Andreas og kollegaene var det også viktig å samle data på eit område der det finst lite frå før – og hente informasjon frå foreldre, ikkje barna sjølve.

Ei tid i endring
Andreas omtalar vår tid som ei ekstrem brytningstid.
- Fordi vi er midt i ho, ser vi ikkje konsekvensane enno. Men vi kan sjå i materialet at vi står i eit skifte. Eit av dei mest tydelege, og kanskje mest overraskande funna er at mor framleis har mykje større betydning enn far for barn si kulturelle oppseding.
Han veit dette kan kjennast ubehageleg å lese i eit samfunn som verdset likestilling, men tala er klare.
- Det finst sjølvsagt unntak, men i det store bildet er gapet tydeleg. Historisk sett har barneoppdraging vore mora sitt område, og sjølv om fedre er meir engasjerte enn før ligg dei framleis bak. Pappaperm er trass alt ganske nytt, minner Andreas om.
I enkelte aktivitetar ser ein eit anna mønster, særleg i kjønnsdelte fritidsarenaer.
- Fotball er eit typisk eksempel, der far ofte er den som trekkjer mest, seier Andreas.

Klasseskilnader
Eit anna sentralt funn er at samfunnsklasse har mykje å seie for kva fritid barna får - men ikkje på den måten mange trur.
- Det er lett å tru at alt handlar om pengar, men det er ikkje heile forklaringa. Vi har mange ordningar som gjer aktivitetar gratis for dei som treng det, slik som aktivitetskortet, seier Andreas. Skilnadane handlar i større grad om verdiar og kva slags kultur som blir overført i familien. I somme familiar er deltaking i kultur og organiserte aktivitetar sjølvsagt. I andre familiar får andre ting prioritet.
- Og det er ikkje nødvendigvis negativt. Nokre barn har det heilt fint utan å delta i organiserte aktivitetar. Det viktigaste er at alle har moglegheit til å vere med dersom dei ønskjer, understrekar han.
- Alt fråfall er ikkje negativt.

Jenter, gutar og framtidige ressursar
Forskinga viser òg at jenter ofte har større variasjon i fritidsaktivitetane sine enn gutar. Og kanskje den viktigaste læringa av alt i forskningsperioden: barn som tidleg får kjennskap til kultur, og lærer å sjå verdien av det, er ofte meir ressurssterke seinare i livet.
Andreas understrekar at sjølv om mange av funna stadfesta antakingar han hadde i starten, har andre vist seg å vere feil.
- Verda er sjeldan så strømlinjeforma som ein tenkjer. Og når du har arbeidd med noko i fire år, gløymer du nesten kva utgangspunktet eller antakingane var, ler han.

Små grep, stor verknad
Så kva kan ein gjere for å jamne ut forskjellane?
- Ofte er det enklare enn vi trur, seier Andreas.
- Vi må kople oss på, oppsøkje informasjon og gjere små justeringar. Slike små grep kan ha stor verknad, kanskje spesielt hjå fedre, trur han. Og les du dette, er du alt på god veg.
- Berre det å halde Barn i Byen i hendene, og lese og bruke det aktivt tyder at du er ein forelder som aktivt oppsøker kunnskap om kultur- og fritidstilbod. Statistisk sett er det eit godt teikn, ler han.
- Så berre les vidare!

 

Andre Artikler