Musikkfadder_image3.jpg
09. september 2025

Ein snarveg inn i musikken

Norsk Musikkråd vil at alle skal få sjansen til å delta i musikklivet. Difor har dei starta pilotprosjektet Musikkfadder.

“Musikkfadder” er eit gratistilbod for alle mellom 6 år og 19 år. Målet er at alle, uansett språk, kultur, økonomi, kjønn, funksjonsnivå eller kunnskapsnivå, skal føle seg velkomne og få hjelp til å finne sin plass i det lokale musikklivet.
Å få oversikt over kva musikktilbod som finst i nærmiljøet er ikkje nødvendigvis rett fram. Musikklag er i stor grad drive på frivillig basis av foreldre og har difor ofte avgrensa kapasitet til å synleggjera aktiviteten sin. Kanskje syng det perfekte koret for barnet ditt på skulen rett i nærleiken, eller eit sjarmerande korps marsjerer berre eit busstopp frå heimen. 

Norsk Musikkråd sine musikkfadrar hjelper unge å navigere tilboda som finst, og sikrar ein god start inn i den nye fritidsaktiviteten.

Velkomstkomité

Lovis på åtte år strålar om kapp med solskinnsbolla si. Ved sidan av ho ligg celloen ho har hatt til låns i snart eit år. Saman med ho er Musikkfadderen Alžběta Lamáčková, som har vore med på pilotprosjektet sidan oppstart i fjor haust. Ho har fått opplæring av Norsk Musikkråd, og skryt hemningslaust av prosjektet.
– Me ser at det er eit behov for musikkfadrar og at me kan hjelpa folk. 

Musikkfadderen fungerer som eit bindeledd mellom lokallaga og fadderbarnet, og kan skreddarsy løysingar til kvar enkelte barn og ungdom. 

– Nokre fadderbarn treng berre hjelp til å finne den rette aktiviteten, medan andre har behov for å bli fylgt til dei første øvingane, fortel Alžběta.

Enkelt sagt vil musikkfadderen gjera det mest mogleg overkommeleg og oversiktleg for barn og unge å kome inn i eit musikkmiljø som dei trivst i. Avhengig av behov kan musikkfadderen følge opp kvar familie i 2 til 3 månader. Dei hjelper til med informasjonsflyt mellom lokallaga og familien, og kan vera den trygge personen som er med på første øving, og kanskje andre og tredje og fjerde øving ved behov.

Å få ein musikkfadder er gratis, men ein må betala medlemskontingent til lokallaget dersom ein vert medlem. Familiar med stram økonomi kan også få hjelp av musikkfadderen til å finna støtteordningar som gir tilskot.
 

Hjartet eksploderte nesten

Lovis pakkar stolt ut celloen, finn fram bogen og dreg ut ein rund, samanleggbar campingstol ho sit på. 

Det var Netflix-serien «Wednesday» som førte til interessa hennar for cello. Då ho såg hovudkarakteren spela «Paint It, Black» av The Rolling Stones på cello tenkte ho «det vil eg og». Mor hennar sat henne på Kulturskulen si venteliste for å ta cellotimar, men namnet vart ståande på lista i over eit år utan at noko skjedde.

– Me hadde nesten gitt opp etter å ha stått på liste i nesten 1 1/2 halvt år utan at noko skjedde, fortel mora til Lovis.

– Det er lett å miste motivasjonen eller interessa for instrumentet viss ein hamnar i ein lang venteperiode, meiner Alžběta. 

Lovis og familien fekk høyra om musikkfadderordninga gjennom skulen, og etter å ha sendt inn ein enkel søknad vart dei sett i kontakt med Alžběta. Då fekk prosessen fortgang og Lovis fekk både cellolærar og vart med i barneorkesteret Rett i Orkester (RiO), eit barneorkester som held til på Nesttun og ikkje krev nokre forkunnskapar. 

– Det  er noko som skjer når ein får instrumentet i handa. Det er fantastisk å sjå den endringa – frå å vera i tvil om ein eigentleg vil spela eit instrument til at ein får ta det med seg heim og kysser celloen god natt før leggetid, seier Alžběta.

Kulturskulen har ofte lang ventelista, men med Alžběta sin bakgrunn som musikar, samt dedikasjon og kjennskap til musikklivet, fann dei ei løysing. Alžběta tok personleg kontakt med fleire cellolærarar og barneorkesteret RIO.

– Det kjendes veldig bra få min eigen lærar, og når eg fekk plass i orkesteret vart eg så glad at hjartet nesten eksploderte, fortel Lovis med stor entusiasme. 

No har ho både cellotimar og orkesterøving kvar veke.

Samhald og tilhøyrsle 

Det sosiale aspektet ved å vera med i eit kor, korps eller orkester er kanskje minst lika verdifullt som det musikalske og Lovis er svært begeistra for dei nye venene ho har fått i orkesteret. 

Det er ikkje vanskeleg å finna argument for kvifor det å spela musikk eller synga er både gunstig og gøy. Tilhøyrsle, struktur, mindre problemåtferd hjå ungdom og auka skuleprestasjonar er berre ein smakebit på kva fordelar det kan gi. Mindre sjanse for demens, tidleg død og lågare sjukefråvær er andre fordeler som rapportar viser til. 

Gjennom orkesteret har Lovis fått vera med å spela konsert i Grieghallen saman med andre unge musikantar. Ho har og fått vera med å spela cello på strutsefarm då orkesteret hadde seminar der.

Musikkfadder-oppdraget mellom Lovis og Alžběta er avslutta, men dei møter framleis kvarandre på øvingar og konsertar når Alžběta er der med andre barn. 

– Det er alltid veldig kjekt å sjå Lovis igjen og høyra korleis det går både med individuelle cellotimar og i orkesteret, fortel Alžběta som er nøgd med utviklinga og at hennar tidlegare fadderbarn trivst så godt i orkesteret på Nesttun. 

Jobber mot utfordra miljø

Pilotprosjektet Musikkfadder går no inn i sitt andre år og prosjektet vert utvida frå Bergen, Bærum og Nordstrand til Valdres og Sarpsborg. 

Alžběta fortset arbeidet med å utvida nettverket og arbeider spesielt med å nå ut til barn og unge med minoritetsbakgrunn. Nettverket vert stadig større og tiltaka meir målretta. 

– Me er i kontakt med Inkluderingssenter, Kirkens Bymisjon og utvalde skular og områder der me ser eit ekstra behov. Skulehelsetenesten tipsa oss om «Jentegruppene på Fridalen og Slettbakken». Det er eit tilbod for jenter med minoritetsbakgrunn som er arrangert i samarbeid med Barnas Røde kors. Det er slike tiltak me ynskjer å nå ut til, fortel Alžběta.

Dei opplev positive tilbakemeldingar frå skular og andre dei tek kontakt med. 

– Me ser at mange barn med minoritetsbakgrunn ikkje deltek i musikkaktivitetar. Det synst me er veldig synd, og der har me ein jobb å gjera, fortel Alžběta.

Gjennom å redusera hindringane ynskjer Norsk Musikkråd å skape eit meir rikt og raust musikkliv. 

– For nokon er det logistikken som hindrar ein frå å delta. Då kan løysinga vera så enkel som å hjelpa med å organisera samkøyring til øvinga, fortel Alžběta.

Lovis gler seg til å starta opp igjen med celloen etter sommarferien og ein stolt Alžběta kan fortella at fadderbarnet hennar har rykka opp frå RiO til Aspirant. 

Andre Artikler