04-3.jpg
01. juli 2020

Våroppdagelser

Bli med på vårtegnjakt i Nygårdsparken.

Tekst: Kristi Guldberg Foto: Tove Breistein

– Er dette eit vårtegn? Vilma på fem år held frem ei diger grankongle, og lurer på om den fortel oss at våren er på veg.

Saken fortsetter under bildet. 


Foto: Uteleker venter i Nygårdsparken

Me er i Nygårdsparken på jakt etter våren, og sjølv om det er tidleg i mars, og vinden framleis er isande kald, så håpar me å finne små hint og lovnader om lysare tider. Me blir einige om at den kongla ikkje akkurat ropar vår og varme, og leitar optimistisk vidare. 

Saken fortsetter under bildet. 



Foto: Utegymappartene er populære. 

Kor blir det av våren?
– Dette er ein kjempegøy park, seier Vilma begeistra, etter at ho har prøvd både trampoliner, klatrevegg og rutsjebane.

Ei freistande slengdisse dukkar også opp bak ein sving, ho møter på ein vakker einhjørning, og finn skikkeleg gode gøymestader både under klatreveggen og inne i ein busk. Men kva med våren, kor blir det av den? 

– Her får eg nok veldig store musklar.

Utegym med mormor
– Her får eg nok veldig store musklar, slår Vilma fast, og prøver ut nokre treningsapparat som er litt store for barn, og nok er meint for vaksne. 

– Men dei er det kjekkaste i heile parken, konkluderer Vilma kjapt, og testar ut alle saman etter tur.

Saken fortsetter under bildet. 


Foto: Vilma bygger muskler på tur i Nygårdsparken. 

Styrketrening ute i det fri må jo vere eit skikkeleg vårteikn, men førebels er det liten konkurranse om apparata. Men så, midt i Vilma sine larveliknande mageøvingar, dukkar det opp ein sprudlande familie som også har lyst til å trimme ute. Mormor, mor og far, Lea (8), Noa (10) og Isak (11); det blir mykje latter når alle saman skal prøve seg på utegymmen. 

Parkekspertar
– Eg lengtar etter den kjempegode heimelaga isen me fekk oppe i parken i sommar, og så er det gøy å vere på trampolinane og seilebanen, fortel Isak.

Saken fortsetter under bildet. 


Foto: 3 parkeksperter. 

Denne gjengen er som ekspertar å rekne når det gjeld Nygårdsparken. Familien på fem bur på Manger, men mormor bur i byen, og dei elskar å besøke henne. Då blir det alltid ein tur i parken, og gjerne besøk på eit av musea som ligg i nærleiken. I dag har dei gått over Småpudden og skal inn til sentrum, men på vegen må dei stanse og ta bilete ved einhjørningskulpturen. Det er nemleg fast rituale. Dei tre syskena synes parken er skikkeleg fin, og gler seg til det nye klatreanlegget skal opne. Akkurat no kan ein berre skimte det bak sperringar inne mellom dei høge trea. 

– Det blir sikkert like kjekt som det på Fløyen, trur Isak.

Men vårteikn, nei det veit Lea nesten ikkje kva er ein gong, og ingen av dei har sett noko som minnar om at våren er på veg. 

Saken fortsetter under bildet. 


Foto: Vilma tester trampolineformen. 

Endeleg eit vårteikn
No er fingrane blitt kalde, og det er like før me gjev opp heile jakta. Kanskje er me rett og slett for tidleg ute? Me bestemmer oss i staden for å helse på endene i nedste del av parken, og ruslar nedover stien. Og nett då dukkar det opp, eit heilt ekte vårteikn: eit nydeleg, lysande kvitt teppe av Snøklokker, som dekker ein heil liten kolle midt i parken. Vilma dumpar ned midt i blomehavet, og lurer på om ho kan ta med seg nokre Snøklokker heim. Ho stikk nasen ned i buketten for å snuse litt på våren.

– Men det luktar berre heilt vanleg, slår ho fast. Ikkje så imponert, med andre ord.

Saken fortsetter under bildet. 


Foto: Vilma finner vårtegn. 

Slitne bein og varm kakao
Og så kjem det jammen endå eit vårteikn trampande forbi; ein heil flokk av ivrige joggarar med treningstights og tynne luer. Det må vel tyde på at våren er undervegs, når folk får lyst til å springe ute, utan boblejakke og ullstillongs? Vilma set inn ein eksplosiv spurt, og får latter og heiarop når ho tek att den spreke joggegjengen i den verste oppoverbakken. Uff, men så vert beina brått så skrekkeleg slitne. Heldigvis er ikkje kaféen langt unna. I Paviljongen får me kjøpe vaflar og kakao, og kvile oss litt på dei varme saueskinna i sofaen. Ei perfekt avrunding på ein finfin litt-for-tidleg-ute-vårdag i Nygårdsparken ein laurdag i mars.

Etterord: 
Kafeen i Paviljongen er i disse dager stengt pga utbrudd av koronaviruset, men alle utelekene står tilgjengelig og venter på å bli tatt i bruk. 


Faktaboks Nygårdsparken

• Tradisjonsrik park i engelsk landskapsstil, opna i 1885.
• Etter omfattande opprydding og rehabilitering frå 2014-2017, er det blitt ein folkepark tilrettelagt for leik, rekreasjon og aktivitet for alle aldersgrupper.
• Øvre del av Nygårdsparken er særleg tilrettelagt for dei yngste barna. Her finn du trampoliner, klatreapparat, balanseleik og lydinstallasjonar. Det vert også arrangert ulike aktivitetar her, som til dømes vandreteater. Under tak kan ein ete medbrakt matpakke, og toalett med stellebord er lett tilgjengeleg.
• I Paviljongen er det open kafé alle dagar. På onsdagar og torsdagar kan du prøve spanande rettar frå ulike land under konseptet Verdenskaféen, medan det dei andre dagane er enklare servering (NB! stengt under korona-spredningen)
• På Facebooksida til Nygårdsparken finn du oversikt over aktivitetar og kafétilbud.

Andre Artikler