
Plant din eigen mat
Tekst: Lars Haugen Aardal
Eg er oppvaksen i ein to mål hage i Sogn med agronomutdanna pappa og eg hadde store ambisjonar om dyrking då me fyrste gong kjøpte eigen bustad. Burettslaget leigde gravemaskin til å knekke bringebær- og slyngplantejungelen nedom altanen vår, og etter eit år der me planta poteter for å rense jorda var det klart til eksperimentering. Eg fann ei nettside der dei selde frø og sette i gong med graving, gjødsling, pallekarmar og espalier. Gutane hjalp godt til med såing og vatning og hadde det godt!
Sjølv om eg ikkje forventa butikk-kvalitet på grønsakene mine, tykte eg at det gjekk litt seint og smått. Sukkerertene og potetene vaks godt og vart ein suksess, men beter, gulrøter og reddikar såg ut som dei skulle serverast i eit veldig lite middagselskap. I ettertid har eg tenkt at fokuset på det ytre i innkjøp av frø, på regnbogefarga gulrøter, lilla sukkererter og stripete rødbeter, var sannsynlegvis ikkje så lurt. Det viser seg at det ikkje alltid er dei finaste grønsakene som er enklast å få til å bli store.
Dei to middagane me hadde kor tallerkenen hadde meir enn 50% eigenprodusert mat, hugsar me framleis.
Skuffelsen gav seg når me fekk gleda av å gå ut i hagen etter middag og plukke ei fingerstor, knall raud gulrot og eit par sukkererter kvar og sette oss ned i ettermiddagsola. Dei to middagane me hadde kor tallerkenen hadde meir enn 50% eigenprodusert mat, hugsar me framleis.
Saken fortsetter under bildet.
Plantevekst er ein glimrande måte å snakke om utvikling og genetikk på. Genetikken vart «oppdaga» gjennom studier av erteplanter, og klassifisering av artar blei bestemt gjennom blomar. Hundrevis av artar har oppstått og døydd ut som følgje av selektiv avl av nyttevekster. Blomkål, grønkål, brokkoli, rosenkål og kålrabi er alle avla fram frå den same originalplanta: Brassica oleracea. Forsking har vist at det same gensystemet som bestemmer at du har hovudet på toppen, to armar under og føtene nederst, bestemmer også korleis ei plante ser ut. Dette har ein funne ut ved å modifisere genene slik at plantene fekk kronblad på stilken og røter på toppen! Ein har prøvd det same med bananfluger, som vaks føter midt i ansiktet ...
Er hagen din ein «jungel» med jorda full av røter, ugras og slyngplanter, kan du plante poteter for å «renske» jorda for andre røter. Røsk vekk alt grønt og så mykje røter du klarar, og dekk over med aviser eller bølgepapp. Stikk hol rett gjennom, og slepp ei potet nedi. Hugs å legge på litt ekstra jord når planta er stor nok!
Start med planter som veks fort og ikkje treng så voldsomt med stell. Sukkererter er heilt supre – poteter, markjordbær og klatrebønner er også bra. Og skal du starta med planter du kan miste kontrollen på, gjer ei grundig vurdering. Bringebær og bjørnebær smakar veldig godt og er lettstelte, men tek fort over ein hage dersom dei får vekse utan tilsyn.