På_Liksom_web.jpg
01. juli 2020 Publisert første gang i Barn i Byen-Bergen nr. 86/2020

Berre på liksom

– Liksom at vi var bestevener då, mamma, og så var du storesyster mi. Sant, mamma?

Tekst: Kristi Guldberg Ill.: Tine Erika Fuglseth

Vi er i bilen på veg heim frå juleferie. Fordi storebror nærmar seg 190 cm må eg sitje i baksetet med veslesyster. Tett og trongt, med knea oppunder haka og bagasje overalt. Ho som snakkar på inn- og utpust, vekslar kjapt mellom bergensk og tilgjort oslomål:

– Storesøster, nå må vi pynte oss til vi skal i selskap. Sant, mamma, at vi likte å pynte oss?


Slik har det halde på i ein halvtime no, og eg kjenner at det kriblar i heile kroppen. Eg byrjar å flytte uroleg på meg i det tronge bilsete. Eg er lei.


Det er så mange føringar frå den som har ­regien, så mange reglar og detaljar i rolleleiken. Spør meg heller om å bygge lego, lese høgt, spele badminton eller leike tikken. Gje meg noko konkret å halde meg til. Sjølv om eg veit at eg ein gong i tida var dronninga av fantasileik så er det ikkje slik lengre. Eg har falle frå trona, og eg har falle hardt. No har ei ny lita dronning funne plassen sin, og ho kan halde ut lenge.

– Mamma, sant at no skulle vi liksom skrive brev til venene våre? Klikk-lås. No var liksom pennen og papiret låst inne. Mamma, no må du liksom hente ned papiret.


– Mammaaa!

Eg har sete i eigne tankar, og må ristast inn att i leiken.


– Å ja, ja. No tok eg liksom ned papiret og skreiv brev til pappa, han var liksom kjærasten min, prøver eg meg forsiktig, og får augnekontakt med ein flirande pappa i frontrutespegelen.


– Nei, tullemamma! Pappa er jo bestefaren vår, som køyrer oss i ­hestevogna. Du er jo berre storesøster og han er kjempegammal!


Ho ler høgt og ristar oppgitt på hovudet, som om eg er heilt dust.

Eg elskar å sjå når barn forsvinn inn i fantasileik og gløymer tid og stad, det er noko av det finaste som finst. Men må eg vere med? 

Eg pustar djupt. Eg må prøve å ikkje bli gretten, for dette er jo veldig bra. Rolleleik er viktig for utviklinga til barn seier forskarane. Viktig for språk, samhandling og kreativitet. Eg elskar å sjå når barn forsvinn inn i fantasileik og gløymer tid og stad, det er noko av det finaste som finst. Men må eg vere med?

Eg hugsar godt kor stas det var når dei vaksne var med. Onklane mine, samankrøkte på kjøkengolvet, bøygde over ei skuffe som var blitt til eit spisebord, slurpande frå kvar sin vesle leikekopp med mjølk i. På bileta i fotoalbumet kan eg sjå at eg storkosar meg. Slik eg hugsar det koste dei seg også, og latteren runga. Tanter og onklar er ofte lette å lure med på leik. Men kan det vere at også dei blei litt lei av dei evigvarande rolleleikane mine?

Korleis har det seg at farmor kan skifte hatt og komme inn som ny kunde i butikken gong etter gong utan å gå lei? Ho ler og tøysar, har tusen spørsmål til den altfor unge kassadama, og handlar uhorvelege mengder med spekepølse, eple og kaffi. Kanskje tar eg feil, men det ser jo ut som om ho verkeleg likar det. Heilt på ekte.

Og bestefar. For eit tolmod. Då eldsteguten vår var liten, kunne bestefar sitje i det imaginære romskipet hans i all æve, og var like blid sjølv om historiene som utfalda seg var umogelege å henge med på. Reflektorskjold, tidshopp, svarte hol, stjernekrigarar med spesialvåpen og superkrefter. Bestefar lagde skytelydar, kom med oppmuntrande kommentarar og kreative innspel undervegs. Som regel vart han høfleg korrigert, og leia inn att på rett sti i fantasigalaksen av regissøren. Slik kunne dei halde på, berre dei to, med bakebolle på hovudet og grytelok til ratt. Det såg jo faktisk ut som dei kosa seg like mykje båe to.

Kva er dei laga av desse tolmodige besteforeldra? Kvifor er dei så mykje meir uthaldande i rolleleiken enn det eg er? Kan det vere at når du ikkje sit med kvardagsansvaret, og den daglege drifta av ein småbarnsfamilie, så saknar du denne leiketida? Eller blir du kanskje litt meir leiken dess eldre du blir? I så fall går det an å håpe at eg, om tjue års tid, er klar for å klatre opp att på fantasileiketrona og gjere krav på tittelen som dronninga av rolleleik på ny.

Vi latar som det, då!




FAKTA:

Kristi Guldberg er spesialkonsulent ved Loddefjord bibliotek og redaksjonsmedlem i Barn i Byen Bergen.


Andre Artikler