
Trygg i Trafikken: Mørketid
Tekst: Mai Vabø
Foto: Morten Brakestad, Trygg Trafikk/Colourbox
Barnas Trafikklubb var etablert i 1966 og var då den første klubben retta spesielt mot barn. Den eksisterer framleis i dag, med eit fokus på å tilby læringsressursar til barnehagar og skular.
Regionleiar for Trygg Trafikk i Vestland, Knut Olav R. Nestås trur ressursane også kan vere nyttige å bruke heime. Klubben lærer barn enkle og praktiske tiltak som kan redde liv. Dette kan vere alt frå å sjå begge vegar før ein kryssar vegen, til å bruke refleks i mørket.
Verdien av Refleks
Når dagane blir kortare og mørketida smyg seg sakte inn, aukar risikoen for trafikkulukker. No er det spesielt viktig å tenke på refleksbruk, men statistikken viser at vi ikkje er flinke nok. Berre 48% av oss bruker refleks, og spesielt i byar er tala endå lågare. Ute på landet er refleksbruken betre, men framleis ikkje god nok.
- Mørketida er her, og den kjem like brått på kvart år for mange. Gatelys er ikkje nok for å sjå deg. Og det er lett for å gå ut når det er lyst, men så er det mørkt når ein skal heim, seier Knut. Han legg til at barn kan spele ei aktiv rolle ved å hjelpe dei rundt seg, sjølv om det er dei vaksne sitt ansvar til sjuande og sist. Og nei, mangel på refleks er inga unnskyldning. Gjennomsnittsheimen har nemleg 17 refleksar liggande. Mange har langt fleire.
- Alle gløymer noko her og der - difor er det viktig å gjere det enkelt for seg sjølv. Barn kan hjelpe heime, dra fram refleksane i skuffer og skap og feste dei på alt av jakkar og ting som blir med ut. Refleksen er livsviktig i mørket. Sjåførar får 10 sekund til å reagere og registrere ein person med refleks, istadenfor 2-3. Det er ganske mange meter forskjell om ein køyre i 50 km/t.
0-visjonen
Trygg Trafikk sitt overordna mål er 0-visjonen – ingen skal dø eller bli hardt skadd i trafikken. Knut påpeiker at dette er eit felles ansvar, men at vaksne må ta hovudansvaret:
- Meir generelt er målet at ingen skal skade seg i trafikken. Det krevjer at alle passar på og er obs på verda rundt seg. Trafikktryggleik er alltid dei vaksne sitt ansvar, sjølv om barna ofte er vel så flinke til mykje i trafikken.
Barna er ambassadører
For barn er blant dei flinkaste når det kjem til tryggleik i trafikken. Aldersgruppa under 12 år er spesielt flinke til å bruke refleks og vere trygg på trafikkreglane. Trygg Trafikk kallar dei sine ambassadørar ute i trafikken.
Gjennom Barnas Trafikklubb og Trygg Trafikk sine andre initiativ, lærer barn tidleg gode vanar som dei tek med seg vidare i livet, og som også kan smitte over på dei vaksne rundt dei.