An_Dran_Drin_Drekt_foto_Knut_Aaserud_L1030946.jpeg
27. september 2024

Dagstur til Osafestivalen på Voss

Osafestivalen på Voss feirar 30-årsjubileum i år og er ein anledning for barnefamiliar til å oppleve tradisjons- og folkemusikk på nært hald. Festivalen, som går av stabelen siste helga i oktober, byr på over 50 arrangement, der mange er spesielt tilrettelagde for born og unge.

Dagleg leiar Ida Dyrkorn Heierland fortel at festivalen stadig trekkjer til seg fleire deltakarar som ikkje nødvendigvis er ein del av det tradisjonelle folkemusikkmiljøet.
- Dei siste åra ser vi fleire på festivalen som ikkje er ein del av, eller kjende med miljøet. Det er veldig kjekt! Fleire nye folk og nye ansikt, og ikkje minst fleire tilreisande frå Bergen og omegn, seier ho.
Rebusløp og sprø folkedans
Laurdag 26. oktober blir familiedag, med aktivitetar særleg retta mot familiar. Dagen startar med danseframsyninga An Dran Drin Drekt med Kartellet klokka 11:30. Dei byr på rare triks, felespel på stylter, sprø folkedans og artige regler - mellom anna. Etter framsyninga kan ein gå vidare til å delta på Osarebusen, eit rebusløp på Prestegardsmoen med spørsmål som er spesielt tilpassa til born.
- Vi har forsøkt å lage ei løype. Ein kan planlegge å ankomme med tog frå Bergen, og starte dagen med An Dran Drin Drekt. Etter det kan ein bevege seg vidare til Osarebus på Prestegardsmoen, og ende på Kulturhuset, fortel Ida. Her kan ein prøve seg på instrumentmakarverkstad, eller gå innom konsertar i løpet av ettermiddagen, og kjenne på festivalstemninga på Voss.
- Det vert lagt ut gratisbillettar til born til fleire av konsertane gjennom helga, mykje er kjekt for både store og små, og her er det førstemann til mølla, seier Ida, og legg til at erfaring frå tidlegare år viser at mange born verkeleg storkosar seg på desse konsertane, sjølv når dei ikkje alltid er direkte retta mot deira aldersgruppe.
For dei musikalske borna og ungdommane finst det meir fordjupande tilbod, som for eksempel helgekurset UngOsa. Dette kurset gir deltakarane moglegheita til å lære å spele, synge eller danse til folkemusikk, og avsluttar med ein eigen konsert søndag 27. oktober.

Noko for alle
Festivalen legg stor vekt på å vere tilgjengeleg for alle, uavhengig av økonomi eller forkunnskapar.
- Vi har fokus på å skape ein kjekk og ikkje minst tilgjengeleg festival, som ikkje krevjer all verdens av verken økonomi eller kunnskap å delta på. Familiar skal ha råd til å oppleve kjekke festivaldagar, understreker Ida. Ho håpar på fint vêr, og at mang ein nysgjerrig bergensfamilie dukkar opp på Voss i haust for å kaste seg med i feiringa av tradisjonsmusikk og dans. 

 

 

Andre Artikler