Sykkel_17.jpg
01. juli 2020

Kvardagen er enklare på to hjul

Ein fireåring og ein baby, handleposar og ein bratt bakke heim. Likevel meiner familien på Landås at sykkellivet gjer kvardagen enklare.

Tekst: Bergit Sønstebø Svendseid Foto: Tove K. Breistein

Høgt oppe på Landås bur familien på fire. Lea Toska Opedal, Erla Katrine Løvseth, Iben (4 år) og Juno (10 månadar). Familien har vald å klare seg utan bil, og syklar mest mogleg. Barn i Byen er på besøk for å finne ut korleis det fungerer i kvardagen. Utsikta mot byen frå stovevindauget er fantastisk, men alle bakkane opp hit, dei må vel vere tunge på sykkel?

– Ja, det er derfor vi har el-sykkel, ler mamma Erla, medan ho kler på ungar og pakker klar dei raude sykkelveskene.

Saken fortsetter under bildet. 

Foto: Også små syklistar treng skikkeleg utstyr. Iben (4) finner sykkelhanskane i gangen og er straks klar for tur.

Barnesykkel som bagasje 
I dag går turen til Gamlehaugen, og Iben skal få sykle sjølv på trygge, slake sykkelvegar på Hop. Mamma Lea hentar ut transportsykkelen og plasserer Juno framme i kassa. Rundt nakken hennar legg ho ei nakkepute i fall Juno skulle sovne på vegen. Storesyster Iben blir plassert i eit sykkelsete, og på eit bagasjebrett framme på sykkelen festar Erla Ibens grøne sykkel slik at ho kan få sykle sjølv når dei bratte bakkane er unnagjort.
Iført vottar og varme genserar set familien utfor i god fart.

Vi trengte noko som funka kvar dag, alltid

El-sykkel blei løysinga
Sykkellivet starta med at dei kjøpte ei sykkelvogn då Iben var liten.

– Etterkvart gjekk vi over til sykkelsete, fordi det var hyggeleg å kunne snakke saman medan vi sykla, fortel mamma Erla.
Men med barn bakpå dugde ikkje ein vanleg sykkel lenger. 

– Vi trengte noko som funka kvar dag, alltid. Vi har alltid med mykje ting, anten det er utstyr til ungane eller handleposar, og det blei for tungt i lengda. Vi fann rett og slett ut at ein el-sykkel var løysinga på alle kvardagsutfordringane våre, fortel Erla.

Saken fortsetter under bildet. 


Foto: Familien på fire har gjort sykling til ein livsstil.

Det tok ikkje lang tid før dei var hekta. No er garasjen fylt opp av syklar: ein elektrisk kassesykkel, ein «Longtail» el-sykkel med langt sete med plass til fleire, ein ordinær el-sykkel og ein vanleg sykkel. Og ei sykkelvogn. Nokon bil er det rett og slett ikkje plass til.

– Vi har kjøpt veldig mykje, men ein treng ikkje ha så mykje utstyr for å sykle med barn, understrekar ho. – Ein sykkel og eit sykkelsete er nok.

Saken fortsetter under bildet. 
Foto: Det starta med ei sykkelvogn, men blei raskt meir. No er garasjen fylt opp av familien sine syklar.

Slår både buss og bil
Familien er ikkje åleine om å ha omfamna sykkellivet. Mange som bur på Landås syklar, og bydelen har blitt kjent for å vere miljøbevisst. Men det er også praktiske grunner til at Lea og Erla vel sykkel som transportmiddel i kvardagen. 

– Mange av bussane her bruker lang tid ned til sentrum. Vi bruker berre halvparten så lang tid med el-sykkel som bussen, seier Erla. – Og køyrer ein bil til jobb må ein ofte stå i kø. 

Saken fortsetter under bildet. 

Foto: Ristinga inne i sykkelkassa er sovestøv for Juno (10 månadar).

Ved sidan av oss køyrer bussar og bilar forbi, nokon litt for tett på, og fleire stader kjennast det tryggast å sykle på fortauet. Familien brukar likevel sykkel til både barnehage og jobb. Kvar dag, i all slags ver.

Mange av bussane her bruker lang tid ned til sentrum. Vi bruker berre halvparten så lang tid med el-sykkel som bussen.

Kva gjer de om vinteren?

– Vi har piggdekk på syklane. Det er ikkje mange dagane i året vi ikkje syklar. Det einaste er når det er mykje snø, fortel  Erla. 

Saken fortsetter under bildet. 


Foto: Full fart ned bakkane frå Landås. Det går raskt til butikken på to hjul.

– Det er gøøøøøy!
Iben fekk sin fyrste vanlege sykkel til fireårsdagen i vinter. 

– Det er gøøøøy! ropar ho, medan ho sjanglar får side til side bortetter sykkelvegen. Sjølv om det kan sjå ustøtt ut, har ho kontroll, og set beina godt ned i bakken når ho stoppar.

Vi liker butikkar med god plass til sykkelparkering.

– Her var det fint å sykle, mamma!

Ikkje alle stader på ruta er like godt lagt til rette for syklistar. Nokre minutt før rista det godt i metall på eit smalt og ujamt fortau. Men nå klirrar det berre i perlene som er hekta på sykkelhjula til Iben.

Inni vogna på transportsykkelen har minstejenta sovna, og Lea innrømmer at barna har endra måten dei syklar på.

– Når eg har med eit av barna prøver eg å sykle mest mogleg på sykkelveg, og eg syklar meir på fortau enn eg gjer når eg syklar aleine, seier ho.

Saken fortsetter under bildet. 


Foto: Sykling med barn er ikkje alltid idyll, innrømmer Erla og Lea. Trassanfall høyrast betre for andre rundt når ein syklar. Men i dag er alle i strålande humør.

Ferie på hjul
På vegen stoppar dei på matbutikken for å handle. Ute ved sykkelstativet får dei nokre blikk og smil medan dei løfter ungane på plass igjen på syklane.

– Vi liker butikkar med god plass til sykkelparkering, ler Lea og ser på den store transportsykkelen.

Kva synst de om sykkelbyen Bergen?

– Vi er mykje i København fordi vi har familie der, og samanlikna med der er det jo dårleg lagt til rette for sykling i Bergen. Men det har blitt betre dei siste åra. Vi skulle berre ønske at det gjekk litt raskare, seier Lea som ynskjer seg eit gjennomgåande sykkelnett i byen.

Sykling har blitt ein livsstil for familien, og i sommar skal dei på sykkelferietur til Danmark. Der ventar flate sykkelvegar, men skulle målet ein annan gong vere ein stad ein ikkje kan sykle eller ta kollektivtransport til, har firerbanden ein hemmeleg backup-plan: medlemsskap i ein bilring.

 


FAMILIENS TIPS TIL SYKLING MED BARN

• Kjøp skikkeleg regntøy, ver alltid førebudd på regn. Invester også i vasstette sykkelvesker.
• Bruk ei nakkepute til babyar. Det gir god støtte og er praktisk om dei sovnar.
• Det er viktig med gode opplevingar når barn skal lære å sykle sjølv. Start gjerne med ein balansesykkel, men pass på å finne ein sykkel med rett høgde for barnet.
• Skal du bruke el-sykkel til å sykle med barn, er det spesielt viktig med gode bremser. Du treng også ein god nok motor til å dra litt ekstra vekt.
• Sykkelvogn er praktisk. Barnet er skjerma for vind og ver, og du har plass til å ta med varer. Men med eit sykkelsete får barnet betre utsikt, og de kan snakke saman undervegs.

For fleire tips: www.transportsykkel.no

 

 

 

Andre Artikler