Musikaljentene_16 - skaperne.jpg
24. mai 2019

Broadway i Bergen

Det er lett og la seg engasjere og sjarmere av den gjengen her! Det startar med ei flod av stemmer, musikk, dans og entusiasme – og slik fortset det gjennom 1,5 time med breial bergensk musikal!

Anmeldelse av Renate Rivedal

Vi vert introdusert til ei grå gate med like gråe menneske. Dei ynskjer ikkje forandring, dei er redd for det framande og det nye. Her er det jobb og kvardag som er i fokus. Ingen barn som leikar, ingen latter og ingen glede. I tillegg luskar det ein mørkkledd skikkelse som vert kall for «Gamle Georg» ute om nettene.

Det endra seg brått når den livlege, men mystiske, Sebastian flyttar inn. Han har eit hovud som er fullt av kloke tankar og visdom, han er fryktlaus, kreativ og full av pågangsmot. I tillegg ber han både på ein koffert med magiske steinar og noko hemmeleg. I den triste grå gata møter han Olivia som viser seg å også bere på ein hemmelighet, og slett ikkje er så grå som ein ved fyrste augekast skulle tru.

Anmeldelsen fortsetter under bildet



Dei to hovudrollene som spelar Sebastian og Olivia imponera, dei held eit imponerande tempo gjennom førestillinga, og spelar med både sjarm og stemmeprakt. Dei dramatiske stemningsskifta kler stykket godt, og eg likar ekstra godt dei meir usympatiske av rollefigurane. To små blonde jenter med museflette og like kjolar, som dansa som busta fyker og viser den uskuldsreine Sebastian kva som lurer i gata etter midnatt. Bror til Olivia, og hans to samansvorne, er også ein fornøyelse og sjå på. Dei er frekke og fæle, og skapar ein fin dynamikk til den gode Sebastian.

Songane er både smittsame og vakre, og det må vere eit godt teikn at det allereie på premieren er tendensar til allsong på enkelte av nummera.
Musikaljentene har gjort ein imponerande innsats, dei får kvar skodespelar til å skinne, dei klarar å skape spaning og stemningsskifte gjennom stykket, og ikkje minst er stykket pepra med kloke visdomsord som både vaksne og unge fint kan ta med seg vidare ut av Cornerteateret. Det er det gode mot det vonde, men som Sebastian seier det:

«Frykt er det som gjer menneske blind.»

Så fint og så enkelt kan det seiast, samstundes rommar det så mykje. Og som vi ser i «Gaten vår» (utan å avsløre for mykje) så treng menneske berre å bli kjend med det ukjende, så slepp frykta taket.

Eg gler meg til alt vi har i vente med Musikaljentene i åra framover, her kjem det utan tvil meir fantastisk musikk, song, teamarbeid, skodespel, kloke visdomsord og musikalar!

Ta turen til Cornerteateret er mitt tips. Trampeklapp under fyrste nummer er ein usedvanleg start, men i kveld er det Broadway i Bergen!

 

Andre Artikler