Beffen_Embla_4915.jpg
01. juli 2020 Artikkelen ble første gang publisert i Barn i Byen - Bergen nr. 78/2018

Ein ferjetur midt i byen

«Skal me ro, eller er det motorbåt?» Spenninga er stor og spørsmåla mange når en åtteåring skal reise med Beffen for første gong.

Tekst: Hege Fossåskaret Foto: Embla Ryan

Me ruslar langs Bryggen med sol i håret og is i handa. Rundt oss vrimlar ivrige turistar på jakt etter keramikktroll og fiskemat. Andre tek livet med ro på bryggekanten og let beina dingle fredeleg over vassflata.

Saken fortsetter under bildet. 


Foto: Gabriel og Rikke på fergetur midt i byen. 

Ei sjeldan perle
Midt i det yrande livet ligg ein liten oransje og grøn båt og ventar tolmodig på reisande. Han er ikkje like storslått som den majestetiske naboen Statsraad Lehmkuhl og ikkje så skinnande som dagcruiserane lenger inne i Vågen. Men Beffen er ei sjeldan perle med lang og stolt tradisjon. I over 100 år har små passasjerferjer frakta bergensarar og besøkande over Vågen. Namnet Beffen kjem frå B.E.F, Bergen Elektriske Færgeselskap AS, som starta ferjedrifta i 1894. Kvart tiande minutt frå kl. 7.30 til 16, måndag til fredag, legg Beffen frå kai på Bradbenken og tøffar over sundet til Munkebryggen på Nordnes. I sommarsesongen går turen også på laurdagar.

Saken fortsetter under bildet. 



Sjømannsovertru

Denne laurdagen er det ti passasjerar med på overfarten. Ungdommen i følget har gode Beffen-minner frå då han var liten og på utflukt med barnehagen. For fleire av oss andre er dette ei ny og eksotisk oppleving midt i hjartet av våre eigen by. Gabriel (8) sit på kne i skinnbenken og kikkar ut på sjøskvulp og skipstrafikk. Sola skin i skipsklokka, og kaptein Trond Breimyr snakkar muntert med alle som vil slå av ein prat. Han fortel at den båten me nå reiser med, vart bygd i 2014.

– Eg kan ikkje seie høgt kva nummer den er i rekka, men me pleier å seie at Gamle-Beffen var den tolvte, seier han lurt, som den ekte sjømannen han er.


Foto: Rikke holder seg for ørene når Gabriel drar i skipsklokken.

Beffen i hardt ver

På ein fin sommardag er det vanskeleg å førestille seg at det kan storme rundt Beffen. Men ifølge kapteinen hender det at dei må innstille turen når det bles som verst og sjøen går kvit innover fjorden. Det er ikkje berre vinterstorm og ruskever som har skapt problem for Beffen. Mange var bekymra då tekniske feil og økonomiske vanskar gjorde at Bergen var utan by-ferja si tidlegare i år. I mars havarerte nemleg både den gamle og den nye båten, og det såg mørkt ut for vidare drift. Men privatpersonar vippsa over 15 000 kroner og næringslivet spytta i for å sikre at den tradisjonsrike ferja kom seg på sjøen igjen.

Saken fortsetter under bildet. 

Foto: Deilig med litt sjøbris på en varm sommerdag. 

Turen over Vågen tek berre eit par minutt, og vel framme på Nordnes-sida klatrar me på land igjen. Gabriel og eg er einige om at me er heldige som kan oppleve dei livlege lydane i hamna, den friske lukta av sjøen og dei glade fargane på båten – midt i den travle byen. Sjølve ferjeturen varer ikkje lange stunda, men Beffen-kjensla varmar i kroppen resten av dagen.


Fakta:

Beffen går regelmessig fra Bradbenken på Bryggesiden til Munkebryggen på Nordnes, hvert 10. minutt.
Mandag–fredag: 7.30–16. Lørdager fra mai til august: 11–16. Kr. 30/15,-
I sommer kan du også ta Beffen til Norges Fiskerimuseum.
Daglig fra 1. juni–16.s ept: 11–16. Avgang hver hele time fra Vågen.
Priser: 65/35 en vei, 190/70 t/r inkl. inngang i museet. 0–6 år: Gratis! 

Andre Artikler