Edwin van Kleef FiB_BIB 77.jpg
01. juli 2020 Publisert første gang i Barn i Byen - Bergen nr. 77/2018

Alle barn, ta plass!

På den magiske bussen får berre barn vere passasjerar. Kor reisa går veit berre dei.

Tekst: Bergit Sønstebø Svendseid Foto: Edwin van Kleef og Judith Nab

Bussen køyrer gjennom eit landskap med åsar og jorder. Så stupar den ned i havet. På utsida av vindauget svømmer fisk forbi og kikkar inn på barna, før ein rett etterpå er i eit vinterlandskap som liknar Sibir. «Den store reisen» er ikkje som vanlege bussturar, slike som vaksne reiser på. 

Bussen er ekte, men det som skjer inni den er magi. På utsida ser den ut som ein vanleg buss, men på innsida er alt tilpassa barn frå fire år. – Alt er i deira storleik, fortel kunstnaren bak bussinstallasjonen, Judith Nab. I slutten av mai kjem bussen til Bergen under Festspillene. 

Ovanfor barna latar vi som om det er ein ekte buss og ei ekte reise. Vi seier ikkje at det er teater

Ei ekte reise
«Den store reisen» er ein installasjon for barn, skriv Festspillene i programmet. Og litt teater, legg Judith Nab til.

– Men ovanfor barna latar vi som om det er ein ekte buss og ei ekte reise. Vi seier ikkje at det er teater.

Saken fortsetter under bildet. 


Foto:Ikkje bli overraska om ein fisk svømmer forbi. På «Den store reisen» kan alt skje. 

Barna blir invitert inn i bussen av bussjåføren og finn sjølv plassane sine før reisen startar.

– «Har du tatt med bagasje?» spør vi barna. Og så seier vi at dei kan kjøpe det dei treng i landa vi reiser gjennom. Vi spør også om nokon kan fleire språk, sidan det er nyttig når ein er på reise. Etter det er barna klare til å starte reisa, fortel Judith Nab.

Skulle nokon ha behov for å ha med ein vaksen, finst det nokre få seter heilt bakerst der dei kan sitte, om dei lovar å vere heilt stille. 

Reisa er nok
– «Den store reisen» det er ikkje meint som noko barna skal lære noko av, understrekar Judith Nab. Ho synast opplevinga av å reise er nok. 

– Dette er verken ei historie eller ei geografisk reise, men ei reise med mange kontraster. Vi reiser til eit veldig kaldt land der ein høyrer russiske songar og ser barn som leiker i snøen. Andre stader høyrer du fuglesong, og vi kunne vore i Sør-Frankrike. Då ser vi måker som flyg over bussen, skildrar Judith Nab. 

Teikningane barna opplever inni bussen har Judith Nab laga saman med far sin, som er malar. Dei har nytta ulike animasjonsteknikkar for å få bileta til å røre seg, slik at det kjennast som om bussen er i rørsle. 

– Stemninga avhenger i stor grad av barna som er med. Av og til er dei skikkeleg gira, andre gonger er dei stille. Eg likar at det er barna som har kontrollen.

Etterpå, når dei kjem ut av bussen, har dei noko å fortele som er deira eige.

Teater på hjul
Reisa starta med ein invitasjon frå eit teater som ville nå ut til barn i byområde i Belgia som sjeldan får oppleve teater. Nab fekk spørsmål om å lage noko i ein buss som kunne reise rundt. 

– Det minna meg om ei reise foreldra mine og eg var på då eg var ti år gamal. Då kjøpte vi ein buss og reise saman med nokre vener av foreldra mine i seks månader. Vi har alltid referert til den turen som «Den store reisa». Det er fint å kunne gje ei slik reise til barn som ikkje har råd til å reise sjølv, seier Judith Nab. 

Tidlegare hadde ho berre laga kunst for vaksne, så å lage noko for barn blei ei ny oppleving.

– Barn snakkar mykje undervegs. På eit punkt i reisa detter bussen ut i sjøen. Eg hugsar godt at ein gut som sat lengst framme i bussen ropte til dei andre: «Nå må vi halde oss fast!», ler Judith Nab.

Ho ser også at barna løyser problem undervegs, på ein måte ho ikkje hadde forventa. Nettopp difor er ho oppteken av at vaksne ikkje skal vere ein del av reisa. 

– Vaksne har vanskeleg for ikkje å bryte inn. Barn treng tid til berre å sitte og sjå ut vindauget utan å bli forstyrra. Og etterpå, når dei kjem ut av bussen, har dei noko å fortele som er deira eige, smiler Judith Nab. 

 


 

Fakta:

Skandinaviapremiere:

«Den store reisen» spelast 26.–27. mai kl. 10, 11 og 12:30. Frå fire år.

Sjå spelestader og les meir på www.fib.no/denstorereisen 


 

Festspillene har fleire arrangement for barn og familiar: 

«De unges festspillforestilling», Grieghallen 30. mai kl. 18.

«De unges festspilldag», Grieghallen 28. mai kl. 10.

«Dei unges festspelframsyning på Stord», 26. mai kl. 16.

«Nr. 5», Fana Kulturhus, 26. mai kl. 16. 

«La balle rouge», Fana Kulturhus, 31. mai og 1. juni kl. 17, 2. juni kl. 11 og 16.

«Garage», Cornerteateret, 27. mai kl. 17, 28. og 29. mai kl. 18.

«Kling Klang», Grieghallen, 1. juni kl. 17, 2. og 3. juni kl. 10:30, 12 og 14.

«Familiedag på Siljustøl», (Harald Sæveruds eiendom), 27. mai kl. 12.

«Damsgårdsdagene», Damsgård Laksevågparken, 1.–3. juni.

«The Atari Show», Festspillplassen, Torgallmenningen, Fløyen og Bergen Offentlige Bibliotek, 27. og 28. mai.

«Det utempererte klaver», Torgallmenningen, 25. mai kl. 12.

«Spill & spetakkel», Festspillplassen, 30. mai–5. juni kl. 11–17.

«UduL», Festspillplassen, 1. og 2. juni.

«MellomVerdener», Festspillplassen, 2. og 3. juni.

 

Andre Artikler