Render 1_jellyfish climber.jpg
12. juni 2026

VilVite opnar Havplaneten – ny utstilling 25. juni

VilVite opnar Havplaneten 25. juni – ei interaktiv utstilling som tek barn og vaksne med ned under havoverflata for å utforske lyd og liv i djupet.

Tekst: Mai Vabø

 

Her kan publikum styre ein undervannsrobot, sjå prøvar frå havdjupet i mikroskop, eksperimentere med vasskraft, og utforske store såpebobler. På ein annan stasjon kan besøkande lytte til lydar frå havet og mikse sine eigne havlandskap av lyd.

– Vi ønska å lage ei utstilling der ein faktisk kjenner litt på følelsen av å dykke ned i havet, seier Marte Mjånes Torkildsen, fagansvarleg og kurator for utstillinga.

 

Kva kunnskap manglar?

Havplaneten er godkjent som en aktivitet under FN sitt havforskings-tiår for berekraft, og har vore under arbeid i om lag to og eit halvt år. Undervegs har VilVite jobba tett med familiar for å finne ut kva barn er nysgjerrige på, og kva dei kanskje veit mindre om.

– Vi har brukt mykje tid på å forstå kva som trigger engasjement. Kva stoppar folk opp? Kva får barn til å ville utforske vidare? seier Marte.

Utstillinga handlar ikkje berre om å finne og lære reint fakta, men om samanhengar. Gjennom animasjonar og interaktive val kan besøkande sjå korleis menneske påverkar havet - frå støy og energibruk, til plast og livet under overflata.

– Målet er ikkje å peike finger, men å vise at vala våre faktisk betyr noko, seier ho.

 

Leik og læring

Eit sentralt tema i utstillinga er lyd. Mange kjenner ikkje til kor viktig lyd er i havet, eller kor mykje menneskeskapte lydar påverkar dyrelivet. I utstillinga kan publikum både lytte til opptak frå havet og lage sine eigne lydspor.

Nokre av lydane er henta frå Statsraad Lehmkuhl sin One Ocean Expedotion.

Installasjonane er produserte i Nederland, men utvikla i tett samarbeid med VilVite sitt eige fagmiljø. Resultatet er ei utstilling som kombinerer leik, teknologi og læring, utan å kjennast som eit leikeland.

– Det skal vere leikent, men ikkje berre underhaldning. Vi vil skape opplevingar som gir rom for konsentrasjon, undring og nye spørsmål, seier Marte.

 

 

Andre Artikler