Ny utstilling på VilVite: Bygg hus med bæsj og natur
Tekst og foto: Ylva Fyllingsnes
– Skal me bygge med brukte ting og tang, sånn som på Drømmerommet? spør Klara frå baksetet i bilen. Ho refererer til NRK-serien ho likar så godt.
Ein halvtime og ei registrering etter, har me svaret. Me stablar opp ein vegg av maisblad – ja, blada til sånn mais me et til middag. Den andre veggen er farga med bringebær, laga av bakterieflora. Snart har huset også trapp og tak, medan møblane til «drømmerommet» får bli ein annan dag.
– Det er jo ein kjempegod idé til ein workshop her, utbryt Anne Tove, som viser oss rundt. «Lag ditt eige drømmerom»!
Ein vegg av maisblad

Planlegginga av ny workshop er i gong og me blir gira av tanken. No har også prosjektleiaren for Loop-utstillinga, Ida-Marie, hive seg på tanken:
– Tanken med Loop-utstillinga er nemleg litt av den same som i Drømmerommet, berre at det er heile husa ein kan lage av det me har til overs eller er brukte, som restane frå maisen til dømes. Det er jo kun maisen inni me et! Då kan mange maisblad utgjere eit stileg mønster på ein vegg. Vi kan også lage ein innervegg av kork. Eller me kan putte overskotsull inn i veggen, som så varmar oss. På den måten blir det mindre plast i husa våre – og det igjen blir bra for oss og naturen!
Før me går vidare til neste stasjon har me også kjent på ein vegg av størkna bæsj – for dei som vil ha ein vegg av det, kan me melda om at den var luktfri!
Grunnstoffskannaren
No er me i gong med å lafte vårt eige vesle hus i Berekraftsbygget. Det tek ikkje lang tid før bygget vårt når oss til hårfestet.
– Bygginga her skjer på krakkar designa og laga av vidaregåandeelevar som går bygg- og anleggsteknikk i Odda, fortel Anne Tove medan Klara legg siste laft på verket.
Det er fort gjort, og me er klare for å prøve den siste, nye installasjonen: ei maskin som kan skanne alt frå joggesko til eple, for å avdekke alle grunnstoffa som finst i desse!
Her må ein sveive elementa inn i lyset, og ein mobil er den neste i spotlighten. Grunnstoffa silisium og arsen lyser grønt på ein skjerm til høgre. Opp poppar ein tekst som seier at «denne mobilen er det lurt å levere inn når den er ferdig brukt, så grunnstoffa kan bli nytta igjen». Her kan ein kome ut betre rusta til å resirkulere – og til neste naturfagstime!

Den nye havutstillinga
– Den vil eg på, seier Klara og peikar på plakaten som lysar mot oss. Den viser ei skjelpadde som sym i havet, med tittelen «Havplaneten» – ny utstilling åpnar i juni.
– Her skal ein havstraum ta deg med inn i ei ny verd under havoverflata, fortel Anne Tove.
– Her vil du no kunne utforske korleis du kan ta vare på havet. Nokre av dei mest populære installasjonane på VilVite i dag har rennande vatn – desse vert no fornya til utstillinga, og det kjem også fleire splitter nye.
Utstillinga er nøye testa opp mot målgruppa, og om ein er 6 år eller 12 år, skal det vere noko i Havplaneten som interesserer dei fleste.
I eplehagen
Vi avsluttar det aktive opphaldet vårt med ei roleg stund i eplehagen. Her vatnar Klara og Ida-Marie sitt eige epletre og må finne ut kva meir som skal til for at epla skal ville vekse.
Meitemarkane kryp rundt i jorda medan Klara prøver seg fram. Etter litt prøving og feiling kjem det grøne blad på treet. Snart veks det fram herlege, raude eple. Lyset er dempa og roa senker seg før me er klare for å avslutte dagen på VilVite for denne gong.


Svaret ligg hjå barna
– Noko av det artigaste med opphaldet har vore å få bygge hus med så mykje rart, seier Klara. Ho håpar å kome tilbake og kunne innreie sitt eige «drømmerom» og bygge møblar med brukte saker og ting.
– Ja, her må me jo berre ta kontakt med NRK og få til eit samarbeid – det hadde jo vore fantastisk, smiler Anne Tove.
– På Vestlandet kjem det mange nye byggeprosjekt framover. Det me håpar er jo at det er barn og unge som kjem her, byggar og utforskar og får nye og spennande tankar om korleis ein kan bygge husa våre på nye, kreative måtar som er gode mot natur og klima, fortel Ida-Marie.
– Vestlandet treng unge, kreative hovud som kan sjå kva moglegheiter som finst i det som er til overs!
På vegen ut pratar me laust om ei mogleg nyoppretta stilling for Klara, 7 år. Ho har jo heilt klart ei framtid innan feltet. I det minste kan ho ta sikte på å ta OD-dagen på VilVite i 2033 – men det er førebels ledig plass i nokre år om du er interessert!
