Arrangement

Gullgraving.jpg

Præriedag for heile familien

 

Prøv bogeskyting, lassokasting, gullgraving, ta Amerikabilete, skyte med luftgevær og andre tidsriktige aktivitetar frå utvandrarperioden.

Mellom husa vert det aktivitetar med utgangspunkt i kva dei norske utvandrarane møtte og opplevde då dei kom til Amerika. Prøv deg på å lafte eit hus, kle familien opp i tidsriktige klede og ta Amerikabilete hos fotografen. Det vert forteljarstund med kjende historier frå i vesle huset på prærien.

Vi fyrer i bålpanna, og har enkel kafé i The Plain Saloon.

Bli med på ein aktiv familiedag på Sletta

 

Præriedag for heile familien

Stad: Vestnorsk utvandringssenter, Sletta, Radøy
Dato og klokkeslett: 13. september 2026 kl. 12.00–16.00
Arrangement: Præriedag for heile familien
Anbefalt aldersgruppe: Heile familien