Arrangement

Julemarknad og åpen gård Soltun Besøksgard.jpg

Open gard på Soltun Besøksgard

Årets største arrangement på garden!
Dette er tredje gongen me arrangerer open gard med julemarknad og me gler oss veldig til å ta dykk imot på eit julepynta tun med nisseshow, mange flotte handtverkarar og dombjelleklang frå hestane som går med vogna.
Det vert nisseshow i gammen gjennom dagen og de finn billettar på linken under saman med inngongsbillett.
Me køyrer storvogna store delar av dagen, og den er det køsystem på som vanleg. Det vert og mogeleg å booka tur med finvogna for 2 vaksne eller 1 vaksne og to born. Føl med veka før når me lanserer bookinga og tidsplan for hest og vogn.
Kafeen og gardsbutikken er sjølvsagt open med bakst og ikkje minst fine lokalproduserte og økologiske julegåver.
Standhaldarane våre vert plukka ut basert på godt handverk og tradisjonsmat med bredde og variasjon slik at du kan komma på garden å handle bærekraftige og lokale julegåver til heile familien.
Inngongsbillettar finn du her. Det er ikkje mogeleg å bestille tur med ordinær hest og vogn.
Kafeen tek kort og kontantar
Dette er eit arrangement som trekk mykje folk, har du mogelegheit til å ta kollektivt eller køyre saman med nokon så gjer det. Då sparar me miljøet og får plass til alle besøkande.

 Se gårdens facebookside.

 

 

Soltun Besøksgård er tidlegare kjent som Bergen 4H undervisningsgård