Arrangement

Oseana kunstutstilling.jpg

Omvisning i i Grieg Kunstsamling

I juli inviterer Oseana til kunstomvising kl. 13.00 kvar opningsdag, onsdag til søndag.
Omvisingane er uformelle og dialogbaserte. Formidlaren tilpassar innhaldet etter dei som er med, slik at både små og store kan oppleve kunsten på sine eigne premissar.
Omvisinga varer i om lag 45 minutt, du treng ikkje bestille plass på førehand, og ho er inkludert i vanleg inngangsbillett.
Etter omvisinga er det kort veg til leik og bading i Mobergsvika, eller ein is, lunsj eller kaffipause i Oseana kafé. Det gjer besøket til ein fin sommarutflukt for heile familien.

 

Praktisk informasjon:
Inngangsbillett: Barn, student og honnør: 50,- | Vaksne: 100,-
Betaling: I resepsjonen eller med Vipps.
Opningstider: Onsdag–søndag kl. 12.00–16.00.
Servering: Oseana kafé er open kl. 12.00–19.00.
Parkering: Gratis parkering i inntil ni timar rett utanfor Oseana.