
Riksteatret: Hundrevis av barn i vill kamp
Bli med på ei engasjerande og morosam teateroppleving – ei fargesprakande berg-og-dalbane gjennom barns leik og draumar.
Vi møter ein gut som nettopp har mista bestefaren sin. Sorga tar han med på ei fantasireise til havets botn, der draum og verkelegheit, sorg og minner smeltar saman og hundrevis av barn kjempar i ein vill kamp.
Og mens alt dette utspelar seg, står ein dinosaur utanfor vindauget hans. Eller er det berre tankane som løper løpsk?
Varighet: ca 50 minutt.
Laurdag 11. oktober kl. 17.00
Oseana kunst- og kultursenter
Passar for barn frå 5 år og oppover
Pris: ordinær kr 260, BT fordel kr 210
Billettar: oseana.no