Nordsjøfartsmuseet i Telavåg

Nordsjøfartmuseet i Telavåg fortel gripande historier om vågemot og tragedie i Noreg under den andre verdskrigen.

Unge menneskje frå heile landet flykta over Nordsjøen med fiskebåtar under krigen. Nokre av dei kom tilbake igjen for å gjere motstand mot den nazistiske okkupasjonen. Den litle bygda Telavåg var involvert i Nordsjøfarten, og blei øydelagd av nazistane. Alle innbyggjarane blei sende i fangenskap i Norge og Tyskland. 106 av desse var barn.  Museet viser film om Telavågtragedien, og har utstillingar om Nordsjøfarten og motstanden på Norskekysten under krigen. Museet passer for eldre barn som er interesserte i å lære om den norske kampen mot diktatur og okkupasjon, saman med vaksne. For dei yngre barna finst ein aktivitetskrok med papirbretting, teikning og spel.

Opningstider 2018:

1.2 - 30.4: søndag 12-17
1.5 - 31.8: måndag - laurdag 11-16, søndag 12-17
1.9 - 31.10: søndag 12-17
1.11 - 31.1: Ope etter avtale