Kulturtog Arna – Haukeland: Frå venterom til venterom med dampjazzband
Sal og servering av jernbanelapskaus og drikke frå pakkhuset på Arna gamle stasjon frå kl. 10.50. Offisiell opning av venterommet på Arna gamle stasjon - 60 år etter nedlegginga kl. 11.00 med opningstale og musikk ved GVB-Boggien Dampjazzband med glad jernbanemusikk for alle med svingbare understell i Arna.
Kl. 11:25: To-saks tandem snorklipping - opning av venterommet
Kl. 11.30: Omvising i venterommet.
Kl. 12.00: Opningstog - Arna-lokalen på gamle spor til Haukeland - no tilbake etter 60 år! Frå venterom til venterom med dampjazzband.
Rutetider:
Frå Arna kl. 10.00 - 12.00 - 13.00 - 14.00
Frå Haukeland kl. 10.50 - 12.50 - 13.50 - 14.50
GVB-Boggien Dampjazzband underheld undervegs. Omvising av venterom på Haukeland på alle turar.
Pris: Billettane er enklast å kjøpe på nettet hjå ticketmaster.no - i billettluka eller på toget!
Åpninga er gratis! Mat og drikke vert solgt billig både på nett (lenke kjem), i toget, og i billettlukene på Arna og Haukeland St.
Vaksne t/r kr 120,- og born t/r kr 80,- Ein kan starte frå både Arna og Haukeland, men siste tur frå Haukeland kl. 14.30 returnerer ikkje til Haukeland.
Arna Gamle Stasjon, Ådnavegen 26
Arr: Museet Gamle Vossebanen