Arrangement

Gratis deltaking på Knøttemila og Minimila

Det er mange som slit litt økonomisk for tida, og då særleg barnefamiliar. Knarvikmila har difor bestemt at det i år vil vere gratis å delta på Knøttemila og Minimila.

Det ein må gjere for å delta på MiniMila og/eller KnøtteMila, er å møte opp i god tid søndag 3. september , og hente ut startnr. i Nordhordlandshallen. Før Knøttemila er det familiedag med konsert på Knarvik Stadion.

Start Knøttemila er kl 1345 og Minimila 1415.

Meir om Minimila og Knøttemila kan ein lese her.