
nyMusikk Krapyl konsert på Hovedbiblioteket
Biblioteksmusikken, også kalt Krapyl, er ein konsertserie som går laurdagar i regi av nyMusikk Bergen. Desse laurdagane kan publikum få oppleva ny musikk, og i tillegg ta med ungane sine. Konsertane er ikkje såkalla barnekonsertar, men produksjonar som blir gjort tilgjengelege for både vaksne og barn, på eit klokkeslett som høver alle aldrar, og som ikkje har for høgt volum. Musikken blir presentert rå og direkte til store og små krapyl!
Vårens konserter:
22.03: nyMusikk KRAPYL presenterer: Storesunds pianoverkstad.
05.04: Daiyen Castro
12.04: Katerina Persista
19.04: ingen konsert pga påskeferie
26.04: nyMusikk KRAPYL presenterer: sssiiiinnng ssssaaaannng sssssuuuunnnnng med Emily Adomah
24.05: Bruno Tagliasacchi Masia
07.06: Daniel Henry Øverbye