Arrangement

370379103_970170814052747_7843337931343138799_n.jpg

nyMusikk Krapyl: Biblioteksmusikken presenterer: Rose Øvretveit og Adrià Torres Amorós

Rose Øvretveit og Adrià Torres Amorós spelar nyskrive musikk av Kolbein Bukve.
Austavinden og Vestavinden beskriv korleis to ulike vindar oppførar seg og kjennes ut. Kvar av dei har sin eigen personlighet. Når dei møtest blir det ei heilt ny oppleving. Austavinden er skrive for basstrombone og Vestavinden for klarinett. Adria og Rose spelar først sitt stykke kvar for seg, og så samtidig etterpå.
Konserten finner sted i Auditoriet på Bergen Offentlige Bibliotek og er gratis.
Biblioteksmusikken er ein Krapyl-konsertserie som går laurdagar i regi av nyMusikk Bergen. Desse laurdagane kan publikum få oppleva ny musikk, og i tillegg ta med ungane sine. Konsertane er ikkje såkalla barnekonsertar, men produksjonar som blir gjort tilgjengelege for både vaksne og barn, på eit klokkeslett som høver alle aldrar, og som ikkje har for høgt volum.
Musikken blir presentert rå og direkte til store og små krapyl!
Motto: Bøker, boller og Biblioteksmusikken!