Arrangement

Åsmund Storesund Foto Else Olsen Storesund.jpg

nyMusik Krapyl: Biblioteksmusikken presenterer "FabelAktig"

 Fablar lærar oss noko om livet, og saman med lærdomen følg det musikk. I Else si gjendikting av Haren og skilpadda må konsertdeltakarane undra seg på om haren kanskje er ADHDar. Og er haren berre tullete og tøyste, eller har han ei viktig rolle, han også?

Familieduoen lagar den vakreste musikk til fabelen, nesten som filmmusikk. Åsmund og Else preparerer pianoet med ulike materialar mellom strengene for å få fram dei mest underfulle lydar. Dei lagar nye lydar både på pianostrengene og hardingfelestrengene fordi dei elskar alt med strenger på. Men dei er ikkje strenge sjølv.

Medvirkende: Else Olsen S. og Åsmund Storesund

Både store og små ADHDarar er særskild inviterte til Haren og skilpadda.
Else Olsen S. og Åsmund Storesund (11 år), musikk og gjendiktning
Cathrine Dagestad Eikeland, fortellar


Foto: Else Olsen S.

Konserten finner sted i Vårt Vestland i 2. etasje på Bergen Offentlige Bibliotek og er gratis.
Biblioteksmusikken er ein Krapyl-konsertserie som går laurdagar i regi av nyMusikk Bergen. Desse laurdagane kan publikum få oppleva ny musikk, og i tillegg ta med ungane sine. Konsertane er ikkje såkalla barnekonsertar, men produksjonar som blir gjort tilgjengelege for både vaksne og barn, på eit klokkeslett som høver alle aldrar, og som ikkje har for høgt volum.
Musikken blir presentert rå og direkte til store og små krapyl! Motto: Bøker, boller og Biblioteksmusikken!