Barselforedrag: Anne Gunn Halvorsen – Livet og korleis leve det
På kort tid har Anne Gunn Halvorsen (33) fått to barn, mann og rekkjehus. Ho har pådrege seg gjeld, ansvar og eit heilt ordinært vaksenliv. Ein kveld ho surfar på nettet, går det opp for henne at ho har brukt meir tid på å søkje opp kjendisar og trenings-tights enn sjølve livet. For korleis skal ein som vaksen unngå å bli skild, sur, utbrend og gjeldsslave? Kva bør du ete, kvar bør du bu, og kva kan du gjere for å unngå å døy?
I eitt år set Halvorsen alt anna på vent for å nne svar på dei store spørsmåla. Ho vitjar nanskonferanse og samlivskurs, grev seg ned i forskingsrapportar, oljesmell og politisk historie. Ho reiser frå Gjøvik til Høvik, til Stavanger, Sandnes, Sandeid, Etne og Keyserløkka. Alt for å skrive ei bok som kan gjere deg klokare — og få deg til å senke skuldrene, litt.
I dag kjem ho til biblioteket for å halde eit foredrag basert på dei viktigaste funna i researchen. Det vil handle om samliv, barn, husarbeid, tidsplanlegging, gjeld, kjøttdeig og død. Det er aktuelt for alle som nettopp har blitt vaksne eller burde ha blitt det.
Barselfordrag ligner på babykino, med ett unntak: en barnevakt står klar til å ta imot barnevogner, og om den lille sover kan du trygt sette deg og delta. Høy terskel for bråk. Sted: Noterommet på Hovedbiblioteket.