Arrangement

Hordamuseet_56.jpg

Gøy på landet

Opplev livet på landet i gamle dager.

Hordamuseet, søndag 26. august kl. 11-16

Om du kjem på besøk denne dagen kan du her sjå noke av det som skal skje på museet. Meir vil det bli !
På Hordamuseet treffer du gardskoner som baker flatbrød, vaskar klede, kardar og spinn, rakar og sagar ved. Her kan du bli med på ein del av arbeidet.
Heimelaga fiskesuppe i Krambua og sal av snop og små gåver.

Sprattus Sprattus, Foreningen Til Brislingens Fremme sel frityrsteikt brisling i grindbygget i klyngetunet!
Ved båtlaget Fanafjorden Tradisjonssegling får ein høve til å ro i færing , seksæring og segle med råsegl og sprisegl.
I den gamle skulestova kan du møte skulelæraren og skrive på tavle med griflar eller penn og blekk. Leikar på skuleplassen, bygg din eigen trebåt og prøv den i båtdammen vår.
Handverkarar syner fram ulike tradisjonelle handverk.

Vaksne kr. 100, born o/3 år kr. 50. BT Fordel – halv pris for inntil 2 vaksne