Arrangement

img-2167.jpeg

Noras vesle, store verd

NYHEIT! No i haust kjem ei heilt ny framsyning for barn, basert på Nora-bøkene av Irene Marienborg. Skodespelar Lina Taule Fjørtoft og regissør Adele Lærum Duus lagar framsyninga, og prøvane er i gang.

Nora elskar regn, prikkar, kosekaninen og å leike med bestevenen sin Filip. Nora vil helst vere stor, og klare alt det som dei store kan. Men nokre gonger er det ikkje så lett, det er skummelt rett og slett.

På barnerommet til Nora blir vi med på små og store kvardagssituasjonar, fortalt med humor, nyskriven musikk, fargerike figurar og ei akkurat passe dose med spenning for dei yngste.

 

Spelar:

31.10 – 15.11
Scene
Scene 2
Varigheit
Ca 40 min.

Kr 200/150. Kjøp billettar

 Kunstnarleg lag: 

Forfattar og illustratør av Nora bøkene: Irene Marienborg

Manus: Lina Taule Fjørtoft og Adele Duus
Med: Lina Taule Fjørtoft
Regissør: Adele Duus
Komponist: Toivo Fjose
Dokkemakar og rekvisitør: Marte Synnevåg

Støtta av Kulturtanken

Speledagar:

Laurdag 31. oktober kl. 12 : Premiere! + kl. 14

Søndag 1. november kl. 14 + 16


Laurdag 14. november kl. 12 og 14

Søndag 15. november kl. 14 og 16

Varigheit: Ca 40 min.