Arrangement

dvt-1460-880-paera.jpg

Den utrulege historia om den kjempestore pæra

Velkommen til ein eventyrleg musikal for heile familien! Den Nationale Scene og Det Vestnorske Teateret skal lage denne framsyninga saman, og vi gler oss til neste haust når vi opnar dørene til denne musikalen som vi meiner er pærefekt for alle som likar eventyr.


Når idyllen i Solby blir truga av viseborgarmeister Kvist, må katten Mitcho og elefanten Sebastian redde småbyen frå å bli ein trist plass å bu i. Med ei kjempestor pære som båt seglar dei av garde for å finne den sakna borgarmeisteren JB. På vegen møter dei sabelsvingande piratar, ein skummel sjødrage og uhyggjelege spøkelse, men òg farar som kanskje ikkje er så farlege likevel. Passar for barn frå fem år og oppover – for dette blir teatermoro for heile familien!
 
Det fargerike, fantasifulle og sprø universet til Jakob Martin Strid har funne vegen til mange bokhyller, og teaterversjonen av «Den utrulege historia om den kjempestore pæra» blir minst like fartsfylt og humoristisk som boka ho er basert på. I tillegg til mystikk, mot og moro, er framsyninga òg lasta med musikk av Julian Berntzen.
Med andre ord så ligg alt til rette for ein pærefekt kveld på teateret.

Spiller 20. nov. 2025 - 20. des. 2025

Billetter: 
Kr 320. Kjøp billetter her

Kunstnarleg lag: 
Musikalen
Den utrulege historia om den kjempestore pæra
av Jakob Martin Strid
Dramatisering og songtekstar av Anders Lundorph
Musikk av Julian Berntzen
Underscore, arrangement og musikkproduksjon av Kato Ådland
Omsett frå dansk av Aslak Moe

Fleire namn kjem! 
Produsert i samarbeid mellom Den Nationale Scene og Det Vestnorske Teateret. 
Produsert etter avtale med Songbird Agency og  Gyldendal Group Agency København. 
Illustrasjon: Jacob Martin Strid. Logo: Julian Berntzen



 

Info om billettsal: Både vi på DVT og DNS sel billettar. DVT sel venstre side av salen og DNS høgre. Vi har sjølvsagt dei samme billettprisane.