Arrangement

Til verda-kopi.jpg

Til Verda

Ein poesikonsert med tekstar henta frå barnediktboka "Eg er eg er eg er" av Ruth Lillegraven

Boka vart nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen då ho kom i 2016. Musikken er det multiinstrumentalisten og folkemusikaren Annlaug Børsheim som har laga. Dikta skildrar korleis det er å vere ung og levande, korleis kjenslene svingar frå vår til sommar til haust og vinter. Publikum får vere med på den berg- og dalbanen livet kan vere når ein er ung både gjennom musikk og ord. Musikken er nyskriven, men inspirert av norsk folkemusikk i møte med andre tradisjonar og sjangrar. Det blir både dansbare hallingar, kraftfull rock og sarte viser.

Ved Annlaug Børsheim trio – Annlaug Børsheim, Kåre Opheim og Anders Bitustøyl


Ca. 35 min.


Alder: fra 4 år

Lørdag 20. januar kl. 14.00 
Kultursalen, Vannkanten
Lørdag 3. februar kl. 14.00  
Åsane kulturhus, Multisalen. 

Bli med på kreativt verksted først!

Kreativt verksted 3.2 kl 11–14
Sted: Verksted for kunst og håndverk, Åsane kulturhus

 

 

(Fotograf Elisabeth Emmerhoff)