Arrangement

2-1024x1024.jpg

Badnajazz: Trommer er best

Familieframsyning for born med eit band som minner mistenkeleg om Modal Trafikk. Førestillinga handlar om seks musikarar som leigar fire øvingsrom i eit hus med eit felles pauserom. I starten forstyrrar dei kvarandre med for mykje lyd, men etter kvart blir dei vener og søt musikk oppstår. Dei finn ut dei vil starta band og det heile endar opp med felles konsert.

Ivar Thormodsæter – trommer
Audun Humberset – perkusjon
Pablo Tellez – bass
Chris Holm – gitar
Jonas Hamre – saksofon
Gabriela Garubo – vokal, melodika

Badnajazz i Vossasalen – sundag 13. april kl 12

Kr 200/150. Kjøp billetter her