Arrangement

teaterrotta forteller Foto: Andres Roksvaag.jpeg

Teaterrotta forteller: Den vesle bygda som glømte at det var jul

Det lir mot jul og menneska er travelt opptekne med å stelle alt i stand, gåver skal pakkast, graut kokast, sko pussast … Men, det er noko uforklarleg som skjer. Det knirkar og taslar i gongane, merkelege og mystiske ting skjer stadig vekk. Kor vart det av matpakka som låg klar på bordet? Kven slår på lyset om natta? Kven har gnaga på julepynten? Ingen har heilt klart å oppdage kva alt dette mystiske er, sjølv om det har vore nære på nokre gongar.For dei som taslar og gneg, er teaterottane. Bli med teaterrotta Pernille, og fetter Jeppe på ei superduperhemmeleg førjulsstund.

Lina Taule Fjørtoft har tilrettelagt Alf Prøysen si juleforteljing Den vesle bygda som gløymde at det var jul som forteljarstund for barn. Det er teaterrotta Pernille som fortel. Med seg har ho fetteren sin, Jeppe som spelar musikk.

Passar frå 4 år. Basert på historia av Alf Prøysen.
Av og med: Lina Taule Fjørtoft. Musikar og komponist: Toivo Fjose.

 

(Foto: Andreas Roksvaag)