Arrangement

Norsk Trikotasjemuseum-kopi.jpg

Sommerferien på Tekstilindustrimuseet

Opningstider Tekstilindustrimuseet sommersesongen 2021:
Bli kjend med tekstilindustrien med eit besøk i ein ekte strikkefabrikk! I 130 blei det laga klede av bomull og ull i Salhus Trioctagefabrik. På ei omvising i fabrikken får du sjå og høyre maskinene som vi framleis nyttar til å strikke sokkar, skjerf og genserar. Eigen omvising tilpassa barn kvar søndag og alle opningsdagar i skoleferien.
Kafé med heimebakte kaker, rundstykke, is, sjokolademelk og kaffi.

Juni (10.06-30.6):
Tors-fre 11-16
Søn 12-17

Juli (01.07-31.07):
Tirs-fre 11-16
Lør-søn 12-17

August (01.08-29.08):
Tors-fre 11-16
Søn 12-17

FOR BARN:
Bli med i jakta på sauen Bændik:
Vi leiter etter sauen Bændik som har gøymt seg mange rare plassar i fabrikken. Medan vi leitar ser vi på maskiner og korleis kler blir til. Kanskje du får prøve ein strikkemaskin?
Juni + august:
søndagar kl. 13.30
I skoleferien:
alle opningsdagar kl. 13.30

Bli kjend med industribygda Salhus
På museet får du kart over kulturminneløypa som går til arbeidarbustaden og skolen. Gå på eigehand og svar på spørsmål om arbeidarane og livet i Salhus. Søt gevinst ventar!
Alle opningsdagar


Alle omvisinger for booking via makeplans: https://museumssenteretihordaland.makeplans.no/categories