Arrangement

Vegetarisk festbord (5)-kopi.jpg

Kokkekurs for barn

No kan dykk bli med på matkurs tilrettelagt for barn her i Rogagaten 26! Den 22.juni skal barna få lage Matredderscones medan dei vaksne er assistentar. Anne Lill vil først demonstrere oppskrifta for alle barna, før alle skal få lage kvar sin ladning etterpå. Medan sconesen er i omnen så får barna velge om dei vil vere med å røre syltetøy som vi kan ha på når vi skal prøvesmake etterpå, eller ta seg ein tur ut og leike med gatekritt på parkeringsplassen rett uttafor.


Anne Lill lager til roselemonade til barna og kaffi eller te til dei vaksne, som ein kan kose seg med undervegs på kurset. I tillegg så får alle designe sin eigen “doggybag” som ein får med seg heim med resten av sconsene etter kurset er ferdig.

Anbefalt aldersgrense er 5-10 år, men ta gjerne kontakt dersom du tenker din unge vil kunne vere med likevel.

Kurset foregår på Stene Matglede sitt eige produksjonskjøkken i Rogagaten 26.

Pris: Kr 650 for ett barn med en voksen.

Bindende påmelding her