
Prinsesse Slim
Gruppe 1 i Os barne- og ungdomsteater og barneteatergruppa på Nore Neset presenterer eit heilt nytt teaterstykke, utarbeidd av teaterelevane, i samarbeid med instruktør og forfattar.
Fossen Privatskule er delt inn i to klasserom. Eitt for dei rike som betaler for skulegangen og karakterane sine, og eit knøttlite klasserom for dei andre. Ellinor blir superkjendis fordi ho lagar det mest fantastiske slimet i heile verda, så ho får byta klasserom. Johnny Lol er forelska i henne, men ho må forlata han i det minste klasserommet. Lærarane er dårlege, og rektor Fossen er misunneleg på Ellinor. Han prøver å herma med sin eigen slimetubekanal. Johnny Lol og Ellinor må jakta på ein flink lærar, før alle ender opp dumme som brød.
Manus: Tor Arve Røssland www.forfattaren.no /
Regi: Frøydis Flotvewww.teaterfrø.no