Fargespill presenterer «Kahardu?»
Nytt møter gammalt når dagens fargespelarar hentar fram nokre av sine yndlingsnummer frå tidlegare generasjonar fargespelarar, og krydrar det med sine heilt nye favorittar.
Jubileumsframsyninga er ei feiring av to tiår med Fargespill, men det er også ein hyllest til alt som rører seg på Vestlandet!
Ein hyllest til alt Vestlandet har. Til alle som har kome hit, til dei som alltid har vore her, og til dei som kjem i framtida. «Kahardu?» er ei feiring av alt vi har, alt vi er og, ikkje minst, alt vi kan gje til kvarandre!
Ein «vill» idé, eit møte mellom skilnadar, og den norske folketona «Ola, Ola, kua di er dau», toppa med rein slump, var ingrediensane som skulle til for å baka fram spørsmålet som definerer Fargespill: «Ka har du?». Vi tar det beste frå kvarandre og set det saman til noko nytt som ingen av oss kunne laga aleine.
Denne framsyninga er til ære for disse sju bokstavane, og korleis dette enkle spørsmålet har samla «heile verda» på Vestlandet.
Varer om lag 1,5 time.
Billettprisar: Ordinær: 360,- Under 25 år: 285,- BT Fordel: 270,- Gruppe 10+: 270,- Familie 4+: 295,-
Aldersgruppe: Familieframsyning
Lenke til arrangementet
(Foto: Helge Hansen)