Sauesanking for heile familien
Bli med Lygra Villsaulag på haustsankinga av villsauene som beitar ved turstiane våre, heilt ytterst på Lygra, på Tangane. Vi inviterer små & større sauesankarar til å vera med. Oppmøte på snuplassen ovanfor Lyngheisenteret kl 11.00.
Den vesle flokken på Tangane skal samlast i sankebingen for helsesjekk og uttak til slakting. Villsauer og lam skal vurderast iht. rasestandard for gammalnorsk sau (villsau). Dei med godt rasepreg er best rusta til å leve ute i lyngheia.
Kle deg etter veret og hugs gode sko eller støvlar! Det vankar beløning til alle barn som tek del i sankinga.
Det vert ikkje førehandspåmelding til denne dagen, berre møt opp. Sjå også arrangement på Facebook, på Lyngheisenteret og Lygra Villsaulag.
Arrangementet er ein del av Ullveka 2024.
Faste aktiviteter:
Film &utstilling (Gratis for barn t.o.m. 16 år)
Pollinator-utstilling (Bier, veps og humler)
Turløyper - passer også for barnevogn og rullestol
Stolpejakt - Heile 4 stolper her i år!
Tegne- / leikekrok
Nålefilting (kr 50)
Gå på stylter
Hesteskokasting
Test styrken med å halde "melkespann". Diplom til barn.
Utstilling: Kreative arbeider i skinn og ull av Grethe Lillehammer. Egersund.
Dokumentarfilmen ”Fiber Fokus”, Embla film v/Anne Magnussen, kl 13. (Kr 100.)
Informasjonsbygget og museumsbutikken er ope kl 11 - 15.
Mat å få kjøpt i Matstova. Varm mat til kl 14.30.
Velkomen til Lygra!
Søndag 6. oktober kl 11: Sauesanking for heile familien
(Foto: Leif A Furevik)