Arrangement

5f71afa487942a5908824e56_2020_11_14-Naboenmin_226b0b26bd8585e313ebcd1827ad93dc-p-1080.jpeg

AVLYST! Konsert med «Naboen min»

Konserten er avlyst pga smittevernstuasjonen.

AVLYST pga smittesituasjonen. Erstattes av digitalt forfattermøte.

 

Med Vegard Markhus, Bjørnar Sangolt, Einar Olsson og Eirik Utne.
Denne laurdagen tek bandet Naboen min med seg instrument og nyskriven barnemusikk til Litteraturhuset. Det blir songar om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Om du i tillegg vil lære deg nokre gloser på romvesensk, ja, då er du komen på rett plass.
Dette blir ein familiekonsert med gode moglegheiter for å synge, danse, smile og le.

Vegard Markhus, vokal og gitar
Bjørnar Sangolt, gitar og kor
Einar Olsson, trommer og kor
Eirik Utne, bass og kor

Naboen Min gav i 2018 ut debutplata si Rockesock. Den vann dei Spellemannsprisen i kategorien «Barnemusikk».
Arrangementet skjer på Litteraturhuset. Det blir òg mogleg å følgje det direkte på nett.
Gratis