Arrangement

019EE9Dx4gedq.png

Barnas berekraftsdag på Kystmuseet

Kino, teiknekonkurranse, POPLAR-quiz og teikneverkstad

 

Laurdag i Berekraftsveko har inviterer Kystmuseet i Øygarden til kino, teiknekonkurranse, POPLAR-quiz og teikneverkstad.

Klokka 12.00 vises vi filmen Ainbo - Amazonas vokter.

Her møter vi Ainbo, ei glad og aktiv jente som bur i ein landsby i Amazonas sin djupaste jungel. Ein dag oppdagar ho at skogen - den dyrebare regnskogen - er trua av øydelegging frå grådige menneske som vil hugga han ned.

Ho legg ut på ei reise for å søkje råd og hjelp frå den aller mektigaste i Amazonas; nemleg den gigantiske skilpadda Motelo Mama. Med seg på reisa har ho beltedyret Dillo og tapiren Vaca, og saman er dei fast bestemt på å redde jungelen og folket sitt før det er for seint.

I kafeen finn vi fram teiknesaker og har teikneverkstad med Hilde, og om du vil kan du vere med på teiknekonkurransen: "Ei berekraftig framtid" her vil vi at du skal teikne korleis du ser for deg framtida der du bur, og korleis ein kan gjere det mest mogleg miljøvenleg og berekraftig. Lever teikninga di i resepsjonen, så vert det kåra ein vinnar søndag 21.april.

Utandørs kan du gå på POPLAR-jakt og svare på oppgåver og spørsmål. Arrangementet er gratis, men hugs at det er avgrensa plass i kinosalen så det er lurt å sikre seg ein gratis billett på førehand. Billetter her