
Knøttemila og Minimila
MiniMila & KnøtteMila - søndag 5. september kl 1400
Ein familiedag for akkurat passeleg store føter! MiniMila & KnøtteMila går av stabelen kvart år på Knarvik Stadion.
MiniMila og KnøtteMila er morosame løp for born i området ved og på Knarvik stadion. Distanse: ca 1 km (MiniMila) - 400 meter med diverse hinder (KnøtteMila)
Det blir flotte premiar trekt på startnummer, og alle som deltek får GRATIS T-skjorte, medalje og drikke i målområdet! MiniMila er eit løp utan tidtaking for dei som går i 1. - 7. klasse, og KnøtteMila for dei som ikkje har begynt på skulen. I 2019 deltok ca. 1000 born.
MILLA og MILIUS kjem - kjem du?
FAMILIEDAG
Søndagen er KnarvikMila og din familiedag. Denne dagen vert det og fleire familieaktivitetar, som for eksempel sals- og informasjonsmesse, NaturMila/stolpejakt, underhaldning frå scena og andre aktivitetar for born.
Dato: søndag 5. september
Barnas jubileumsshow / konsert: 11:30
Start Knøttemila: 14:00
Start Minimila: 14:15
Henting av startnr. i Nordhordlandhallen. NB! Etterpåmelding bør ein unngå så langt det er mogleg.