Arrangement

Den store krapylkonserten.jpg

Den Store krapylkonserten

Vårens store Krapylkonsert 2022!

nyMusikk Bergen har kvart år gleda av å presentera vårens vakraste musikkeventyr i form av eit

storslått samarbeid med musikklinja og danselinja på Langhaugen videregående skole, Kongshaug musikkgymnas, Griegakdemiet, og Bergen kulturskole. På Den Store Krapylkonserten byr me på rykande fersk dans og koreografi, og ei rekke urfremføringar av unge komponistar, fremført av unge musikarar og dansarar, utarbeida saman med Krapylbandet bestående av Else Olsen S. Guro Kverndokk og John Hegre. Nytt av året planlegg me også eit komposisjonsprosjekt for pianoelever ved Bergen Kulturskule i samarbeid med Knut Waage og Else Olsen S.

Unge komponistar frå Griegakademiet under ledelse av professor Dániel P. Biró skal komponere for strykeensemble fra Langhaugen under ledelse av Per Gisle Haagenrud, vokalensemble fra Langhaugen under ledelse av Ingvill Espedal, og blåseensembler fra Langhaugen og Kongshaug musikkgymnas under ledelse av Frode Jacobsen.

Dei yngste utøvarane er eit ensemble frå musikkteknologi på kulturskulen, som fremfører eigne improbaserte komposisjonar saman med Krapylbandet. Krapylbandet fremfører danseimprovisasjoner saman med Danseelever fra Langhaugen VGS under ledelse av Monica Reksten.

 

FAKTA:

nyMusikk Krapyl er alle nyMusikk Bergens arrangement retta mot barn og unge. nyMusikk Krapyl har m.a. den faste konsertserien Biblioteksmusikken, som finn stad vekentleg på Bergen offentlige bibliotek, laurdager kl 14.00. Desse konsertane på biblioteket er  ́vanlege ́ nMB-konsertar tilrettelagd for heile familien, frå dei yngste til dei eldste. Anna viktig på Krapyl-agendaen er komposisjonsformidling til born, og det å involvera ungdomar aktivt - ei gruppe som lett blir forbigått elles i vrimmelen av tilbod for `born og unge`. Krapylbandet er eit sirkulerande band med bergensmusikarar, som tolkar og framfører komposisjonar frå nyMusikk Krapyls komposisjonsskule, som regel under den årlege store Krapyl-konserten.



 

(Foto: Thor Brødreskrift (2018)