Arrangement

Brown Modern Hello Autumn Poster (80 × 80 cm).png

“SKUGGE” ein annleis Lysfestival

Fjell Festning Lys Festival presenterar “SKUGGE” 6.-7. oktober. Me byr på magiske opplevingar i haustmørke.
- ein annleis lysfestival for heile familien 
PS: Kun førehandssal av billettar her
Festivalen er open frå kl. 19.00 til 23.30 både fredag og laurdag.
Vi oppmodar vaksne som kjem utan born om å kjøpe billett til SKUGGE 2. På den måten kan flest mogleg barnefamiliar få billettar til SKUGGE 1😃

Opning av festivalen ved Kanontårnet fredag 6. oktober kl. 20:00.
NB! Når nedre parkeringsplass er full blir dei besøkande dirigert til Tellnes Næringspark. Følg instruksar frå parkeringsvakter .
Skyttelbuss frå Tellnes Næringspark til nedre parkeringsplass for Fjell Festning ved riksveg 555. (ca. kvart tiande minutt.) frå 18:15 til 24:00.

Open kafe i Kanontårnet.
Sal av mat og drikke. Helst Vipps men me tek også kontant.
Arrangørar er 1001 Watt i samarbeid med Fakultet for kunst, musikk og design. Avdeling design, UIB